Rosyth Castle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rosyth Castle

Rosyth Castle er ruinane av ei borg frå 1400-talet ved Rosyth Naval Dockyard i Fife i Skottland.

Ho stod opphavleg på ei lita øy i Firth of Forth, som berre var tilgjengeleg ved lågvatn. Ho vart bygd som bustad for Sir David Stewart, som hadde fått baroniet Rosyth i 1428. Det opphavlege tårnhuset vart utvida på 1500-talet og tidleg på 1600-talet.

I 1572 vart det angripe frå Blackness Castle på sørsida av Firth of Forth og vart så okkupert i 1651 av Oliver Cromwell etter slaget ved Inverkeithing.

Det vart verande busetnad for Stewart fram til det vart seld seint på 1600-talet til David Drummond frå Invermay. Det kom til slutt til jarlen av Hopetoun og frå 1700-talet kom det ut av bruk. Frå den tid vart store delar av murverket nytta andre stader og dei fleste bygningane vart øydelagde. Berre tårnet og den nordlege muren står i dag att.

Marinen tok over eigedomen i 1903, og øya vart ein del av skipsverftet like ved.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 56°1′38″N 3°26′12″W