Bass Rock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bass Rock frå North Berwick
Bass Rock i forhold til North Berwick

Bass Rock eller berre The Bass,[1] er ei øy i den ytre delen av Firth of Forth aust i Skottland. Ho ligg om lag 2 km frå land og 5 km nordvest for North Berwick. Ho består av vulkanske bergartar og har bratte sider med ei høgd på opp mot 107 meter over havet. Det finst store koloniar med havsule. Klippa er ikkje busett lenger, men tidlegare har tidlege kristne eremittar vore busette her. Seinare stod det òg eit kongeleg slott på øya, som ofte vart nytta som fengsel. Øya var lenge i familien Lauder si eige og høyrer i dag til David Fleetwood Hamilton-Dalrymple.

Det vart bygd eit fyr på øya i 1902 og ruinane av eit kapell er framleis synlege.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øyar ein vulkanplugg frå karbontida.[2]

Bass Rock har status som Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse). Ho vert stundom kalla «Ailsa Craig i aust».[3][4] Det meste av øya består av bratte klipper.

Craigleith med Bass Rock bakom

The Bass er ei av fleire øyar utanfor kysten av East Lothian og vert rekna som ei av øyane i Firth of Forth. I vest ligg Craigleith og the Lamb, Fidra og lengst vest Eyebroughy. Desse er òg hovudsakleg skapt av vulkansk aktivitet. I nordaust ligg Isle of May.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Bass Rock» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • North Berwick, Gullane, Aberlady and East Linton District, av R.P.Phillimore, North Berwick, 1913, p. 40.
    • The Berwick and Lothian Coasts av Ian C. Hannah, London & Leipzig, 1913.
  1. M'Crie, Miller, Anderson, Fleming & Balfour (1847). The Bass Rock. Edinburgh
  2. «Bibliography». Discover Hugh Miller. http://www.hughmiller.org/bibliography_g.asp. Henta 8. februar 2010. 
  3. «The Bass Rock». History of Leith. http://www.leithhistory.co.uk/2007/11/29/the-bass-rock/. Henta 8. februar 2010. 
  4. «Islands in the Firth of Forth». Skottland from the Roadside. http://www.ourSkottland.co.uk/forthislands/. Henta 8. februar 2010.