Nord-Dakota

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
State of North Dakota
Delstatsflagg for Nord-Dakota Delstatsvåpen
Kallenamn: Peace Garden State, Roughrider State, Flickertail State
Sambandsstaten Nord-Dakota
Hovudstad Bismarck
Største by Fargo
Guvernør John Hoeven
Offisielle språk Engelsk
Storleik 183 272 km²
 - Areal, land 178 839 km²
 - Areal, vatn 4 432 km² (2,4%)
Folketal (2000) 642 200
Folketettleik 3,59 /km²
Sambandsstat sidan 2. november 1889
Forkorting ND
Frå Theodore Roosevelt National Park i
Nord-Dakota

Nord-Dakota (engelsk: North Dakota) er ein delstat i den nordamerikanske staten USA. han ligg i den delen av USA som vert kalla Midtvesten og har grense mot Minnesota i aust, Sør-Dakota i sør, Montana i vest og mot Canada i nord. Den vestlege halvdelen av staten er òg ein del av The Great Plains. Hovudstaden er Bismarck, medan den største byen er Fargo. University of North Dakota ligg i byen Grand Forks, medan North Dakota State University ligg i Fargo.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nord-Dakota var opphavleg busett av Mandan-folket. Nybyggarane busette seg seinare og nokre av desse var mellom anna nordmenn. I dag har 30 % av befolkninga norske anar. Nord Dakota vart opptatt som USAs 39. stat 2. november 1889. På 1800-talet vart Nord-Dakota rekna som ein del av den ville vesten. Tidlegare var staten ein del av Dakota-territoriet (oppkalla etter indianerstammen Dakota).

Hovudbyar i Nord-Dakota[endre | endre wikiteksten]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Elva Missouri renn gjennom den vestelge delen av delstaten, og dannar innsjøen Lake Sakakawea. Den vestlege delen av staten har eit kupert landskap, og har naturressursar som kol og olje. I aust har Red River of the North forma Red River Valley. Denne regionen er eit fruktbart jordbruksområde. Landbruk har lenge dominert økonomien og kulturen i Nord Dakota.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Nord-Dakota har det sjuande største jordbruksarealet i USA, med fokus på kornproduksjon - kveite, mais og soyabønner. Med 1,9 millionar storfe er staten mellom dei større kjøttprodusentane i USA. Gardsbruka er relativt store, slik at behovet for landbrukssubsidiar er mindre enn i mange andre av dei store amerikanske jordbruksstatane. Nord-Dakota har den nest største bygg-produksjonen og har den største produksjonen av kveite i USA.

Økonomiske nøkkeltal verdi  % av BNP År. kjelde
BNP 26,4 mrd US$ 2006, Commerce Dept, Bureau of Economic Analysis, US
Arbeidsløyse 3,2% 2006, Labor Dept, Bureau of Labor Statistics, US
Andel fattige 11,3% 2005-06, Commerce Dept, Bureau of the Census, US
Inntekt pr innb 32.552 US$ 2006, Commerce Dept, Bureau of Economic Analysis, US

Kilde: The World Almanac 2008, side 45 og 555-587.

Kjente personar fødde i Nord-Dakota[endre | endre wikiteksten]


Delstatar i USA USA sitt flagg
Alabama | Alaska | Arizona | Arkansas | California | Colorado | Connecticut | Delaware | Florida | Georgia | Hawaii | Idaho | Illinois | Indiana | Iowa | Kansas | Kentucky | Louisiana | Maine | Maryland | Massachusetts | Michigan | Minnesota | Mississippi | Missouri | Montana | Nebraska | Nevada | New Hampshire | New Jersey | New Mexico | New York | Nord-Carolina | Nord-Dakota | Ohio | Oklahoma | Oregon | Pennsylvania | Rhode Island | Sør-Carolina | Sør-Dakota | Tennessee | Texas | Utah | Vermont | Vest-Virginia | Virginia | Washington | Wisconsin | Wyoming
Territorium som ligg direkte under føderaladministrasjon: Amerikansk Samoa | Guam | Nord-Marianane | Puerto Rico | Dei amerikanske Jomfruøyane | Washington, D.C.
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.