Dei amerikanske Jomfruøyane
|
|||||
| Motto: United in Pride and Hope (engelsk, 'Sameina i byrgskap og håp') | |||||
![]() |
|||||
| Offisielle språk | Engelsk | ||||
| Hovudstad | Charlotte Amalie | ||||
| Styresett President
Guvernør |
Amerikansk oversjøisk territorium Barack Obama John De Jongh |
||||
| Flatevidd - Totalt - Del vatn |
352 km² 1 |
||||
| Folketal (2003) - Tettleik |
124 778 354/km² |
||||
| Status | Oversjøisk territorium til USA | ||||
| Kjøpt av USA frå Danmark Plassert under innanriksdepartementet |
17. januar 1917 27. februar 1931 22. juni 1936 |
||||
| Valuta | Amerikansk dollar | ||||
| Tidssone | UTC -4 | ||||
| Nasjonalsong | «Virgin Islands March» | ||||
| Nasjonaldag | 31. mars | ||||
| Internasjonal telefonkode | +1-340 | ||||
Dei amerikanske Jomfruøyane er ei øygruppe i det karibiske havet. Øygruppa er eit territorium undergjeve USA.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Øygruppa inneheld fire hovudøyar; Saint Thomas, Saint John, Saint Croix og Water Island, og fleire titals mindre øyar. Dei amerikanske Jomfruøyane er ein del av ei større øygruppe som blir kalla Jomfruøyane. Den andre delen er dei britiske Jomfruøyane. Aust for dei amerikanske jomfruøyane ligg Puerto Rico.
Historie [endre]
Jomfruøyane var opphavleg busette av guanajatabeyar, karibar og arawakar. Dei blei oppdaga av Christopher Columbus på den andre Amerikareisa hans, i 1493, og namngjevne etter den heilage Ursula og dei mange tusen jomfruane i følgjet hennar.
I løpet av dei neste tre hundre åra hadde ulike europeiske makter herredøme over øyar i øygruppa, mellom anna Spania, England, Nederland, Frankrike, Danmark og Maltesarordenen.
Det danske vestindiakompaniet slo seg til på St. Thomas i 1672 og på St. John i 1694. Det kjøpte Saint Croix av Frankrike i 1733. Øyane blei koloniar underlagde den danske krona i 1754. Området blei kalla Dansk Vestindia frå 1691.
Økonomien på øyane var basert på slaveproduksjon av sukkerrøyr. Slaveriet blei oppheva av guvernør Peter von Scholten den 3. juli 1848.
I 1917 kjøpte USA den strategisk plasserte øygruppa frå Danmark for 25 millionar dollar. USA ville sikre seg mot at ho fall i tyske hender.
Den siste større amerikanske jomfruøya, Water Island, blei først kjøpt av det danske vestindiakompaniet i 1905. USA kjøpte så øya i 1944, men ho blei først innlemma i jomfruøyterritoriet i 1996.
Økonomi [endre]
Turisme er den viktigaste næringa ved sidan av jordbruk og industri.
Samfunn [endre]
Det er venstrekøyring på dei amerikanske jomfruøyane.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Engelsk Wikipedia om American Virgin Islands
- Om Water Island frå vinow.com
|
|
|||
|---|---|---|---|
| Medlemmar | Antigua og Barbuda · Bahamas · Barbados · Belize · Cookøyane · Cuba · Dominica · Fiji · Grenada · Guinea-Bissau · Guyana · Haiti · Jamaica · Kapp Verde · Kiribati · Komorane · Kypros · Maldivane · Malta · Marshalløyane · Mauritius · Mikronesiaføderasjonen · Nauru · Niue · Palau · Papua Ny-Guinea · Seychellane · Salomonøyane · São Tomé og Príncipe · Singapore · Saint Kitts og Nevis · Saint Lucia · Saint Vincent og Grenadinane · Surinam · Tonga · Trinidad og Tobago · Tuvalu · Vanuatu | ||
| Observatørar | Amerikansk Samoa · Guam · Dei amerikanske Jomfruøyane
|
||
