Søren Anton Wilhelm Sørenssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Søren Anton Wilhelm Sørenssen (22. august 179328. juni 1853) var ein norsk embetsmann og politikar. Han var statsråd 1848–53.

Sørenssen var fødd i Drammen, der far hans, Christian Sørenssen, då var prest og lærar. Han vart student ved Københavns universitet i 1812, tok juridisk embetseksamen ved universitetet i Kristiania i 1816 som den einaste kandidaten det året. Fullmektig i statssekretariatet 1817, og stiftoverrettsprokurator i Kristiania frå 1819. 1822–39 var han høgsterettsadvokat i hovudstaden, der han vart kjend for sine talegåver. I 1827 førte han aktoratet i riksrettssaka mot statsråd Jonas Collett.

Sørenssen representerte Christiania på alle Storting mellom 1830 og 1845. I 1830 og 1833 var han president i Odelstinget. Frå 1833 var han president i Stortinget. Han var formann i protokollkomiteen på alle storting frå 1833 til 1845. 1839 var han i tilleg formann i komiteen om lovkommisjonen, 1842 formann i fullmaktskomiteen og 1845 formann i valkomiteen.

Juli månad 1836 leia Sørenssen forhandlingane i Stortinget etter den brå oppløysinga av tinget. Under den påfylgjande riksrettssaka mot statsminister Severin Løvenskiold vart han, som ni år tidlegare, vald til å føre aktoratet.

Sørenssen var med i fleire statlege kommisjonar, så som om sjøvæpninga (1833), ansvarligheitsloven (1839) og om religionsfridomen (1841).

I 1839 vart Sørenssen sorenskrivar i Aker. 19. april 1848 vart han utnemnd til statsråd som sjef for Justisdepartementet. Justisminister 1848-50 og 1851-53, nokre månader i 1850 var han kyrkjeminister.

Han døydde i Kristiania under ein koleraepidemi. Sørenssen skal ha vore det fyrste dødsofferet i epidemien.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914