Sûre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sûre
Øvre Sûresjøen, eit reservoar i Sûredalen
Øvre Sûresjøen, eit reservoar i Sûredalen
Utspring Ardennane
- Høgd 510 m
Munning Moselle
Land i nedslagsfelt Luxembourg, Belgia, Tyskland
Lengd 173 km
Nedslagsfelt 4 240 km²

Sûre (tysk Sauer) er ei elv i Belgia, Luxembourg og Tyskland, og ei av sideelvane til Moselle frå venstre, med ei total lengd på 173 km.

Ho har sitt utspring nær Vaux-sur-Sûre i Ardennane i søraustlege delar av Belgia, og renn austover og inn i Luxembourg nær Martelange. Vest for Esch-sur-Sûre renn ho ut i ein kunstig innsjø, Øvre Sûresjøen, som er opphavet til det franske namnet og den luxembourgske kommunen Lac de la Haute-Sûre. Etter ho har passert gjennom Ettelbruck og Diekirch dannar ho grensa mellom Luxembourg og Tyskland dei siste 50 km før ho etter Echternach munnar ut i Moselle ved Wasserbillig. Elvane Wiltz, Alzette, Kvite Ernz, Svarte Ernz, Our og Prüm er sideelvar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]