San Marino i Eurovision Song Contest 2012

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 2012
Land San Marino
Offisielt San Marino
Kringkastar SMRTV
Nasjonal uttaking
Uttaking Intern
Dato(ar) Artist 14. mars 2012
Song 16. mars 2012
Song 22. mars 2012
Artist(ar) Valentina Monetta
Song «The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)»
Språk Engelsk og italiensk
Låtskrivar(ar) Ralph Siegel, Timothy Touchton og Jose Santana Rodriguez
Resultat
Semifinalepoeng 31
Semifinaleplass 14
Finalepoeng X
Finaleplass X

San Marino deltok i Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan med songen «The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)», framført på engelsk og italiensk av Valentina Monetta.

Uttaking[endre | endre wikiteksten]

Artist[endre | endre wikiteksten]

Den sanmarinske kringkastaren Radiotelevisione della Repubblica di San Marino (SMRTV) stadfesta 14. mars 2012 at Valentina Monetta ville representere San Marino i Eurovision Song Contest 2012 i mai.[1][2]

Song[endre | endre wikiteksten]

I eit fjernsynsprogram med Valentina Monetta 16. mars 2012 vart «Facebook, Uh, Oh, Oh (A Satirical Song)» presentert som det sanmarinske bidraget.[3]

Diskvalifikasjon[endre | endre wikiteksten]

Det vart seinare annonsert at songen bryt regel 1.2.2. (g), som seier:

« Teksten og/eller framføringa av songen skal ikkje bringe Eurovision Song Contest eller Den europeiske kringkastingsunionen i vanry. Ingen tekstar, talar eller gestar med politisk eller liknande innhald vil verte til tillate under Eurovision Song Contest. Ingen banning eller anna uakseptabel språkbruk vil verte tillate i tekstane eller under framføringa av songane. Alle kommersielle meldingar av alle slag er forbode. Eit brot på denne regelen kan medføre diskvalifikasjon. »

Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) stadfesta at San Marino måtte teksten og tittelen til songen eller velje ein ny song før 23. mars.[4]

Ein ny versjon av songen med tittelen «The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)» vart presentert 22. mars.[5]

I Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Sidan berre dei fire store og vertslandet var direktekvalifisert til finalen måtte San Marino kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane.

Semifinalen[endre | endre wikiteksten]

Senit starta som nummer elleve i den fyrste semifinalen 22. mai 2013. San Marino fekk til saman 31 poeng og enda på 14. plass av totalt 18 bidrag. Kvart land kunne gje maks tolv poeng til ein song, og berre dei ti beste landa gjekk vidare til finalen. Sjølv om landet ikkje gjekk vidare til finalen fekk dei sin beste plassering sidan debuten i 2008.[6]

Poeng frå San Marino
12 poeng Irland
10 poeng Albania
8 poeng Montenegro
7 poeng Hellas
6 poeng Romania
5 poeng Moldova
4 poeng Danmark
3 poeng Island
2 poeng Russland
1 poeng Sveits

Poeng til San Marino
12 poeng
10 poeng Albania
8 poeng
7 poeng Moldova
6 poeng
5 poeng Aserbajdsjan
4 poeng Montenegro
3 poeng Italia
2 poeng Hellas
1 poeng

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Poeng frå San Marino
12 poeng Albania
10 poeng Russland
8 poeng Moldova
7 poeng Italia
6 poeng Serbia
5 poeng Tyrkia
4 poeng Aserbajdsjan
3 poeng Sverige
2 poeng Malta
1 poeng Spania

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Valentina Monetta rappresenterà San Marino a Baku 2012» (på italiensk). Radiotelevisione della Repubblica di San Marino. Henta 5. januar 2013. 
  2. «Valentina Monetta to represent San Marino» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 5. januar 2013. 
  3. «Valentina Monetta to sing "Facebook Uh,Oh,Oh"» (på engelsk). Eurovision.tv. 16. mars 2012. Henta 5. januar 2013. 
  4. «EBU: San Marino song lyrics in breach of Rules» (på engelsk). Henta 5. januar 2013. 
  5. «'The Social Network song' for San Marino» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 5. januar 2013. 
  6. «Eurovision Song Contest 2012 - Scoreboard» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 5. januar 2013. 

Mal:Land i Eurovision Song Contest 2011