San Sebastián

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
San Sebastián
San Sebastian from Igeldo.jpg
Flagget til San Sebastián Byvåpenet til San Sebastián
Flagget til San Sebastián Byvåpenet til San Sebastián
Kallenamn
«Sanse, San Seb, La Bella Easo»
Motto
«Por fidelidad, nobleza y lealtad ganadas»
(Vunne ved truskap, adelskap og lojalitet)
Plassering
San Sebastián is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Baskarland
Provins Guipúzcoa
Grunnlagd 1180
Borgarmeister Odón Elorza
Geografi
Flatevidd
 - By

60,89 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

184 248
  3 025,9 /km²
Koordinatar 43°19′″N 1°59′″WKoordinatar: 43°19′″N 1°59′″W
Høgd over havet 6 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 20001 - 20018
Telefon-retningsnummer +34 943
Nettstad: www.sansebastian.es

Donostia-San Sebastián (baskisk Donostia, spansk San Sebastián, offisielt kalla Donostia-San Sebastián) er provinshovudstaden i provinsen Gipuzkoa i Baskarland i Spania. Innbyggjarane kallar seg sjølve donostiarras. Byen har kring 180 000 innbyggjarar. og eit storbyområde som omfattar i overkant av 400 000 innbyggjarar.

Byen ligg nord i Baskarland på sørsida av Biscayabukta ved munningen av elva Urumea.

Byen er som dei fleste kystbyar prega av fiske og pittoreske hamnekvarter, men der fiskebodane låg før finst i dag eksklusive fisk- og skalldyrsrestaurantar.

Dei sentrale delane av byen og strandpromenadane går i viktoriansk arkitektur - byen var rundt førre hundreårsskifte ein stor turistby for den spanske kongefamilien og adelskapet.

Kvart år vert det halde ein stor festival i byen, semana grande, med tyrefekting, festivaltog og aktivitetar som konserter, tivoli og rokonkurransar (ein spesiell rosport som er nasjonalsporten i Baskarland der rostjernene er omtrent like kjende i Baskerland som store fotballstjerner i andre land). Byen er òg kjent for den internasjonale filmfestival kvar haust.

Ei årsak til at San Sebastian er eit av dei store turistmåla i Baskarland er dei to store sandstrendene som strekkjer seg ut på kvar side av sentrum. La Concha («skjelet») er den største av strendene. Den andre stranda, som ligg utanfor bydelen Gross, er den meir ungdommelege stranda. Ho er kjent for dei store bølgjene og gode surfehøve. Ungdomskulturen i byen er sterkt prega av surfing.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: San Sebastián

Kjelder[endre | endre wikiteksten]