Schweinfurt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Schweinfurt
Rådhuset i Schweinfurt
Rådhuset i Schweinfurt
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Schweinfurt
Schweinfurt is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Bayern
Unterfranken
Kreisfri by
Først nemnd i 792
Geografi
Flatevidd
 - By

35,71 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

53 646
  1 502/km²
Koordinatar 50°03′0″N 10°14′0″EKoordinatar: 50°03′0″N 10°14′0″E
Høgd over havet 202-343 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 97401–97424
Telefon-retningsnummer 09721
Bilnummer SW
Heimeside: www.schweinfurt.de

Schweinfurt er ein by i Tyskland sørvest i delstaten Bayern med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg ved den høgre breidda av Main i Unterfranken, 27 km nordaust for Würzburg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bye vart først dokumentert i 792, men så tidleg som i 740 vart ein busetnad kalla Villa Suinfurde nemnd. På 900-talet var Schweinfurt sete for ein markgreve.

På første halvdel av 1200-talet vart Schweinfurt utvida til ein skikkeleg by med bymurar, tårn og byportar. På denne tida vart sjukehuset Nikolaus oppretta, ein fekk prege eigne myntar og arbeidet på kyrkja St. Johannis byrja.

Rundt 1250 vart Schweinfurt totalt øydelagd under ein strid mellom jarlen av Henneberg og fyrstbiskopen av Würzburg. Dei neste åra vart han gjenoppbygd. I 1282 fekk han status som fri by i Det tysk-romerske riket av kong Rudolf I av Habsburg. Sidan den gong har byvåpnet til Schweinfurt vist keisarørna. I 1309 vart byen gjeve til greven av Henneberg, men i 1360-åra vart byen igjen sjølvstendig og vart med i Det schwabisk-frankenske forbundet. I 1397 gav kong Wenzel byen rettar til å nytte elva Main, og i 1436-1437 vart landsbyen Oberndorf ein del av Schweinfurt. Eit par år seinare gjorde innbyggjarane i Schweinfurt opprør mot byrådet, etterfølgd av eit anna opprør i 1513-1514. Denen gongen vart byvedtektene vedtatt.

Byen tok til seg reformasjonen i 1542. Schweinfurt vart igjen øydelagd under markgrevekrigen i 1554. Åra fram til 1615 vart nytta til gjenoppbygging.

Schweinfurt vart med i Protestantunionen i 1609. Under trettiårskrigen vart han okkupert av Gustav Adolf, som reiste festningsverk her som framleis eksisterer.

Schweinfurt opplevde store tap under napoleonskrigane i 1796-1801.

Schweinfurt var ein fri keisarby fram til 1802 då han vart ein del av Kongedømet Bayern. I 1810 vart byen overlatt til Storhertugdømet Würzburg, men kom tilbake til Bayern fire år seinare. Det første jernbaneknutepunktet opna i 1852. Dei neste åra vart Schweinfurt den leiande produsenten av kulelager i verda. Dette fekk alvorlege konsekvensar for byen under den andre verdskrigen, då dei produserte kulelager til stridsvogner og fly. Av den årsak utførte dei allierte fleire kraftige bombeåtak på byen frå 1943 til 1945. Byen vart derimot raskt bygd opp att etter krigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Schweinfurt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]