Scone i Perthshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Scone

skotsk-gælisk
skotsk
Sgàin
Scone
Plassering
Scone i Perthshire is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Perth and Kinross
Tradisjonelt grevskap Perth and Kinross
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

4 430
Koordinatar 56°25′″N 3°24′″WKoordinatar: 56°25′″N 3°24′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer PH2
Telefon-retningsnummer 0 1738
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Scone i Perthshire

Scone er ein landsby i regionen Perth and Kinross i Skottland. Han har kring 4500 innbyggjarar og ligg ein kilometer nord for Perth. Landsbyen vart flytta frå den opphavlege posisjonen og inntil slottet Scone Palace, den gamle kroningsstaden for skotske kongar. Lagnadssteinen Stone of Scone, har fått namnet sitt frå denne staden.

Det seiast at den opphavlege landsbyen Scone (uttalast scoon) vart flytta sidan lorden til området ikkje kunne klare lukta av landarbeidarane. I mange år vart staden omtalt av innbyggjarane som «New Scone», men av alle andre som berre «Scone», inntil 1997 då nokre målte over ordet New på alle skilt i byen. Det lokalet styrt hadde eit møte og vedtok at ordet New (ny) faktisk var avleggs og landsbyen frå no av berre skulle heite Scone.

Lagandsteinen[endre | endre wikiteksten]

«Lagandssteinen» eller «Steinen frå Scone» har stor symbolsk tyding for Skottland. Steinen vart sagt å ha vore hovudputa til Jakob då han hadde den bibelske draumen sin om englar og trappa opp til himmelen. Det blir trudd at han vart frakta til Irland av fønikiske handelsmenn som flykta frå religiøs forfølging. Han vart seinare teken av irske Dalriada og frakta til Skottland og nytta til å krone skotske kongar ved Iona, Dunadd og seinare Dunstaffrage.

Kong Kenneth mac Alpin var den som endeleg førte han til Scone. At han var viktig for skottane vart ikkje oversett av den harde Edvard I av England som stal steinen og frakta han til England i 1296 og oppbevarte han i Westminister. På 1960-talet vart han igjen stolen attende av skotske idealistar under grunngjevinga at han var skotsk. Då han seinare vart funnen att vart han levert tilbake fordi han høyrde til det engelske kongehuset som hevda eigedomsrett på ‘grunnlag av erobring’. Steinen skulle likevel bli ført tilbake til Skottland på sjølvaste Sankt Andreas-dagen den 30. november 1996, nær 700 år etter at han først vart stolen av engelskmennene. Han er no plassert i Edinburgh Castle. Mange tvilar på at denne steinen er den ekte og at han har vorte erstatta av ein replika.

Den siste skotske kongen som vart krona på steinen er den kongen som skottane synest minst om; John Balliol.

Scone Palace[endre | endre wikiteksten]

Slottet ligg 1,5 km nord for Perth og 3 km vest for Scone. Slottet er i dag familieheimen til jarlane av Mansfield. Trass i den historiske innfatninga er det palasset som vi ser i dag bygd i 1802 av den engelske arkitekten William Atkinson som deretter bygde Abbotsford House for Walter Scott.

Staden var opphavleg setet til kyrkja på 500-talet, deretter erstatta av augustiniansk kloster på 1100-talet og festninga til biskopen som vart nytta som periodisk bustad for skotske kongar.

Både slottet og klostret vart øydelagt i 1559 av bandar frå Perth som var vorte opphissa av ein seremoni av John Knox. Området vart deretter overteke av jarlen av Gowrie som bygde eit nytt hus, men etter Gowrie-konspirasjonen i 1600 som freista å kidnappe kong Jakob VI av Skottland (1566-1622) vart området gjeve til David Murray i 1604, som òg fekk tittelen lord av Scone, som løn for lojaliteten hans til kongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]