Shrewsbury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Shrewsbury

Dan gamle marknadshallen i sentrum
Dan gamle marknadshallen i sentrum
Plassering
Shrewsbury is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Shropshire
Distrikt Shropshire
Grunnlagd ca. 800
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

70 560
Koordinatar 52°42′″N 2°45′″WKoordinatar: 52°42′″N 2°45′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer SY1, SY2, SY3
Telefon-retningsnummer 01743
Nettstad: www.shropshire.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Shrewsbury

Shrewsbury er ein by i Shropshire sørvest i England. Han ligg ved ela Severn rundt 15 km aust for grensa til Wales. Shrewsbury er administrasjonsby både for grevskapet Shropshire og for distriktet Shrewsbury and Atcham.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen blei grunnlagd rundt år 800. Staden var kjend som Pengwern ('oreåsen') for britonarane, og Scrobbesburh (dativ Scrobbesbyrig, med uklar tyding) for anglosaksarane. Dette namnet blei seinare anglifisert til både Shropshire og Shrewsbury. Byen har også eit walisisk namn, Amwythig, som tyder 'befesta stad'.

Byen var på høgda som handelsstad i seinmellomalderen på 1300- og 1400-talet, hovudsakleg gjennom ullhandel med resten av Europa. Elva Severn tillét rask transport av varer.

I 1403 blei slaget ved Shrewsbury mellom kongshæren til Henrik IV og opprørarar utkjempa utenfor byen, på ein stad seinare kjend som Battlefield.

Shrewsbury blei i liten grad enda av Den industrielle revolusjonen hadde lite å seia for byen, trass i nærleiken til årestaden for moderne industri i Coalbrookdale og Ironbridge.

Sjåverdig[endre | endre wikiteksten]

Shrewsbury slott

Gatenettet frå mellomalderen, med tronge gater og smug, er bevart i stor grad. Mange av smuga er kjend som shuts, fordi dei tidlegare blei stengd (shut) nattestid. Det finst fleire pubar som har vore i drift gjennom hundreår, mellom dei Golden Cross frå 1428 som er byens eldste pub.

Midt i byen ligg The Quarry, ein stor park ved elva, som gjer at Shrewsbury fortener kallenamnet «blomebyen». I tillegg blir Shrewsbury Flower Show, ein av dei største blomefestivalane i Storbritannia, halde her årleg.

Dei tre viktigaste musea i byen er Rowley's House, Shrewsbury slott med Shropshire Regimental Museum og Coleham Pumping Station.

Kjende folk knytte til Shrewsbury[endre | endre wikiteksten]

Charles Darwin, naturforskaren kjend som opphavsmannen til evolusjonsteorien, er truleg det best kjende bysbarnet. I 2007 bytta Shrewsbury ut mottoet «Town of Flowers» frå vegskilta inn mot byen med «The birthplace of Charles Darwin».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Shrewsbury