Silkefuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Silkefuglar


Svartsilkefugl, Phainopepla nitens Foto: Lip Kee Yap
Svartsilkefugl, Phainopepla nitens
Foto: Lip Kee Yap

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Ptiliogonatidae
Slekter
  • Phainoptila
  • Ptilogonys
  • Phainopepla

Silkefuglar er ein liten familie, Ptiliogonatidae, av sporvefuglar. Familien inneheld berre fire artar i tre slekter. Familien er kalla opp etter den silkeaktige fjørdrakta som desse fuglane ber. Dei finst hovudsakleg i Sentral-Amerika frå Panama til Mexico, men éin art, svartsilkefugl, har utbreiing vidare nordover inn i det sørvestlege USA. Dei er stort sett standfuglar, men svartsilkefugl er trekkfuglar i den nordlege delen av utbreiingsområdet.[1]

Dei er nært i slekt med sidensvansar, som òg har ei mjuk silkeaktig fjørdrakt. Silkefuglar er vanlegvis grå eller ljos gul i farga. Alle artane, med unntak av svarthovudsilkefugl, har små toppar. Dei varierer i storleik frå 18 til 25 cm i lengd og er for det meste slanke fuglar, igjen med unntak av svarthovudsilkefugl. Alle artane i denne familien syner kjønnsdimorfisme både i fjørdraktfarga og i å ha ein lengre stjert. Ungfuglar av begge kjønn har liknande farger i fjørdrakta som hofuglen.[1] Desse fuglane et frukt og insekt, og svartsilkefugl er spesielt avhengig av ørkenmisteltein, Phoradendron californicum.

Dette er fuglar med habitat i ulike typar skog, halvørken med tre for svartsilkefugl, og dei hekkar i tre.

Dei var tidlegare gruppert med sidensvansar og daddelfugl i familien Bombycillidae.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Parulaer i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Slekt Phainoptila

  • Svarthovudsilkefugl, Phainoptila melanoxantha, Black-and-yellow Silky-flycatcher, LC, Salvin, 1877

Slekt Ptilogonys

  • Gråsilkefugl, Ptilogonys cinereus, Gray Silky-flycatcher, LC, Swainsn, 1827
  • Gulhovudsilkefugl, Ptilogonys caudatus, Long-tailed Silky-flycatcher, LC, Cabanis, 1861

Slekt Phainopepla


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Chu, Miyoko (2005), «Family Ptilogonatidae (Silky-flyctachers)», i del Hoyo, Josep; Elliott, Andrew; Christie, David, Handbook of the Birds of the World. Volume 10, Cuckoo-shrikes to Thrushes, Barcelona: Lynx Edicions, s. 292–304, ISBN 84-87334-72-5 
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]