Sidensvansar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sidensvansar


Sidensvans, Bombycilla garrulus
Sidensvans, Bombycilla garrulus

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Bombycillidae
Slekt: Bombycilla
Artar

Tre artar av sidensvansar dannar slekta Bombycilla av sporvefuglar. Ifølgje dei fleste autoritetar, er dette den einaste slekta plassert i den biologiske familien Bombycillidae. Sidensvansar er prega av mjuk, silkeaktig fjørdrakt. Leveområdet for familien er samla sett Nord-Amerika, Europa og Asia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Armsvingfjørene hos sidensvans og einersidensvans er generelt kvite i fjørspissen, men i enden av fjørskaftet finst ei eineståande lita, raud lakkliknande hornplate. Alle tre artane har svarte handsvingfjør med farga kantar på endene, også halefjørene har gult eller raudt band på den tverre enden.

Beina er korte og sterke, og vengene er spisse. Kjønna har same fjørdrakt. Alle tre artar har hovudsakleg brunfarga fjørdrakt, ei svart linje gjennom auget, svart under haka og ein spiss fjørtopp på hovudet. Nebb, auge og føter er mørke. Lydytringane er høge og oppdelte, summande eller triller.[1]

Dette er fuglar som lever i tre og hekkar i nordlege skogar. Den vektigaste maten deira er frukt og bær som dei et frå tidleg på sommaren, gjennom seinsommaren og hausten (bringebær, bjørnebær, kirsebær og kaprifol) på slutten av hausten og vinteren (rognbær, einerbær, druer, kornell og mistelteinbær)[2]. Dei sit på greiner og plukkar bær, av og til tar dei bær medan dei sveveflyg. Om våren vil dei erstatte bær og frukt med saft, knoppar og blomar. I den varmare delen av året fangar dei mange insekt, derfor hekkar dei ofte i nærleiken av vatn der det finst rekeleg med flygande insekt[3].

Sidensvansar vel å hekke seint på sommaren og på stader med rikt tilgjenge på frukttre for å dra nytte moden bær og frukt. Likevel kan dei byrje å kurtisere så tidleg som på vinteren. Paring inkluderer eit ritual der hannen og hoa overleverer eit bær eller anna objekt frå den eine til den andre, fleire gonger fram og tilbake før ein av dei et det, om det er eit bær. Etter dette kan dei pare seg. Sidensvansar er ikkje territoriale, og mange par samlar seg gjerne på stader med gode matforsyningar for hekking. Men ein fugl kan åtake inntrengjarar, kanskje for å verne maken sin. Begge kjønna tar del i innsamling av reirmaterial, men hofuglen gjer mesteparten av konstruksjonen, vanlegvis på ei horisontal grein eit godt unna trestammen. Ho lagar eit laust, klumpa reir av kvister, gras og lav. Ho fôrar reiret med fint gras, mose og barnåler, og kan kamuflere det med hengjande gras, blomar, lav og mose. Hofuglen rugar, mata av hannen på reiret, men når egga er klekt vil begge foreldra mate ungane.[3]

Sidensvansar er ikkje verklege langdistansemigrantar, men streifar tilfeldig utanfor hekkesesongen og om vinteren sørover. I dårlege bærår kan enorme fugleflokkar bryte langt utover det normale leveområdet deira, ofte i flokkar som til tider tel tusenvis av individ.[3].

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare blei andre slekter plassert saman med sidensvansar i familien Bombycillidae. Fuglar som nokre gonger var klassifisert på denne måten inkluderer silkefuglar , palmetrast og daddelfugl. Aktuelle molekylære analysar har stadfesta tilhørselen og identifiserer sidensvansar som ein klade[4].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sibley, David Allen (2000). The Sibley Guide to Birds. Alfred Knopf. ss. 423. ISBN 0-679-45122-6. 
  2. MacKinnon, John; Phillipps, Karen (2000). A Field Guide to the Birds of China. Oxford University Press, USA. ss. 286–287. ISBN 0-19-854940-7. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Witmer, Mark; Avery, Mark (2003). «Waxwings and Silky Flycatchers». I Perrins, Christopher. The Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. ss. 518–519. ISBN 1-55297-777-3. 
  4. Spellman, G.A., et al.; Cibois, A; Moyle, RG; Winker, K; Keith Barker, F (2008). «Clarifying the systematics of an enigmatic avian lineage: What is a bombycillid?». Molecular Phylogenetics and Evolution 49 (3): 691–1044. doi:10.1016/j.ympev.2008.09.006. PMC 2627281. PMID 18824237. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]