Simon Arnauld de Pomponne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Simon Arnauld, marki av Pomponne

Simon Arnauld de Pomponne, seigneur og så marki (1682) av Pomponne (161826. september 1699) var ein fransk diplomat og minister.

Simon Aranauld de Pomponne var fødd i Paris i 1618, som son av Robert Arnauld d'Andilly og Catherine Le Fevre de la Boderie. Han var bror til Antoine Arnauld og Angélique de Saint-Jean Arnauld d'Andilly. Han starta karrieren sin som intendant for den franske garnisonen i Casale, der han var frå 1642 til 1647. Så vart han utpeikt til «intendant d'armée» i Italia, i Paris under Fronden, og Catalonia.

De Pomponne starta som diplomat i 1655 og forhandla ein avtale med hertugen av Mantova. Mot slutten av 1660-åra vart han ambassadør i Sverige. Her skulle han hindre Sverige i å verte del av Trippelalliansen (1665-1668). I 1671 vart han igjen sendt til Sverige for å danne ein ny allianse mellom Sverige og Frankrike, og slik vart Dei sameinte Nederlanda diplomatisk isolert, slik at Ludvig XIV kunne gå til åtak.

Etter at Hugues de Lionne døydde i 1671, tok Simon Arnauld de Pomponne over stillinga hans som utanriksminister, noko han var fram til 1679. De Pomponne klarte å oppnå freden i Nijmegen (1678), men vart til slutt sagt opp av kongen, som ønskte ein meir brutal utanrikspolitikk. Han heldt derimot fram å spele ei viktig rolle i fransk politikk i 1690-åra.

Simon Arnauld de Pomponne døydde i Fontainebleau i 1699.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Simon Arnauld, marquis de Pomponne» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2012.
  • Simon Arnauld de Pomponne, Mémoires, Paris, 1860, 2 vol.
  • Simon Arnauld de Pomponne, Relation de mon ambassade ein Hollande, ed. Herbert H. Rowen, Utrecht, 1955.
  • Herbert H. Rowen, The Ambassador prepares for war, The Hague, 1957.
  • Rémi Mathis, "De la négociation à la relation d'ambassade. La seconde ambassade de Suède de Simon Arnauld de Pomponne (1671)" in Revue d'Histoire diplomatique, n°3, 2005.