Herre
- For tettstaden Herre i Telemark, sjå artikkelen Herre i Bamble
|
Alle vilja Herre vera, ingen vil Sekken bera. |
Herre (frå norrønt herri, herra gjennom gammaltysk herro komparativ av her, 'fornem', 'herleg') er ein gammal adelstittel for ein mann som i moderne norsk er brukt til høfleg eller humoristisk tiltale, som i «Mine damer og herrar», eller i tituleringa «herr».
I kristendommen vert ordet Herren bruka om Gud, som ei omsetjing av latin dominus. Dette ordet finst òg i uttrykk som «herregud» eller forsterkande i uttrykk som «eit herrens ver».
«Herr» som tittel [endre]
Då riddarskap vart innført i Noreg, vart herre-tittelen nytta om folk av høg rang, til dømes Knut Alvsson, som vart omtala eller tiltala som «herr Knut». I Kongsspegelen finn ein på tilsvarande vis tiltaleforma «Herren min», som og var nytta om kongar. Tiltaleforma «herr» svarar her til det engelske «sir». Det kvinnelege tilsvaret til herre, er frue (som i Fru Inger til Østråt). Riksrådet, som for det meste var samansett av høgvyrde, kunne difor omtalast som ein herredag. I borgarleg samanhang er frue i dag erstatta med dame (frå latin over fransk).
Seinare vart tittelen òg bruka av prestar, til dømes om Herr Petter. I dansketida vart altså herrenemninga flytt ned til embetsmannen.
I dag kan «herr» brukast som tiltaleform for alle menn framfor etternamnet eller tittelen deira, som «herr Olsen» eller «herr ordførar», men det er ikkje rekna som god skikk å titulere seg sjølv med «herr». Det tilsvarande engelske ordet for denne tydinga av «herr» er mister. Omdefineringa av herre-tittelen fortel ei historie om utjamning og sosial oppdrift. Det var til dømes ikkje vanleg å bruke herretittelen om bønder.
Kjelder [endre]
- Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog Faksimileutg. Bjørn Ringstrøms antikvariat 1992 ISBN 82-90520-16-6
- Waldemar Brøgger: Skikk og Bruk J.W. Cappelens Forlag 1960
«Herre» i Nynorskordboka til Dokumentasjonsprosjektet.
|
|
||
|---|---|---|
| Keisar og keisarinne · konge og dronning · kurfyrste og kurfyrstinne · storhertug og storhertuginne · erkehertug og erkehertuginne · hertug og hertuginne · storfyrste og storfyrstinne · markgreve og markgrevinne · marki og markise · fyrste og fyrstinne · greve og grevinne · vicomte og vicomtesse · baron og baronesse · friherre og friherrinne · riddar og dame · herre og frue | ||