Simone Perrotta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simone Perrotta


Statsborgarskap Italia
Fødd 17. september 1977 (46 år)
Ashton-under-Lyne
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 2006, EM i fotball 2004, EM i fotball 2008

Utmerkingar

Gullkraven for sportslig fortjenste, offiser av Republikken Italias fortjenstorden

Simone Perotta (fødd 17. september 1977 i Ashton-under-Lyne i Greater Manchester i England) er ein italiensk fotballspelar som sidan 2004 har spela for den italienske Serie A-klubben Roma. Han spela 48 landskampar for Italia, og vart verdsmeister i 2006.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Perrotta debuterte i italiensk Serie B i 1995 for Reggina. Etter stor framgang fekk han i 1998 kontrakt med toppklubben Juventus. Med spelarar som Didier Deschamps og Zinedine Zidane i klubben fekk Perrotta einast fem offisielle kampar for Juventus før han i 1999 gjekk til Bari, der han spela i to sesongar. I 2001/02-sesongen byrja han spele for Chievo, der han fekk fast plass på midtbana. Frå 2004 spela han på Roma, dei fyrste sesongane var han ein av dei aller beste spelarane på laget. Klubben kom tre år på rad på andreplassen i Serie A. I to av dei same sesongane, 2007 og 2008, vann Roma den italienske cupmeisterskapen.

Perrotta debuterte på Italias landslag i 2002. Han var med i Italias tropp til EM i fotball 2004, laget vart utslått i gruppespelet. To år seinare fekk han plass i Italias tropp til VM 2006 i Tyskland. Perrotta var med i startoppstillinga i alle dei sju kampane i turneringa, som enda med at Italia vart verdsmeistrar etter å ha slått Frankrike i straffeskyting. Sjølve kampen enda 1-1. Også til Europameisterskapen i fotball 2008 kom han med, Italia vart då slått ut av turneringa i kvartfinalen av den seinare europmeisteren; Spania. Perrotta spela sin 48. og siste landskamp i 2009, han skåra i alt to landslagsmål.

Meistertitlar og medaljar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-gull 2006 for Italia
  • Italiensk cupmeister med AS Roma 2007 og 2008
  • Italiensk seriesølv med AS Roma 2006, 2007, 2008

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Simone PerrottaFIFA sin offisielle nettstad