Sinaifjellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Sinaifjellet på Sinahalvøya.

Sinai er eit fjellområde sør på Sinaihalvøya med toppane Djebel Musa på 2285 moh. og Djebel Katharina på 2880 moh. I jødisk tradisjon (og kristen og muslimsk) er Sinai fjellet der Moses skal ha fått steintavlene med dei ti boda på frå Gud (JHVH). Samaritansk tradisjon seier at hendinga fann stad på Gerisim. Fjellet er også kjend som Horeb og Gabal Musa eller Jabal Musa, 'Mosesfjellet'.

Sinaifjellet består av alkaliske granittar trengde inn i forskjellige bergartar som vulkansk stein. Dei eksponerte bergartane stammar frå ulike djupner.

Katarinaklosteret i Sinaiørkenen
Munk ved Katharinaklosteret

Katarinaklosteret ved Sinaifjellet[endre | endre wikiteksten]

Ved foten av fjellet ligg Katarinaklosteret vigd til Katarina av Alexandria der det framleis er greske munkar. Klosteret har ein basilika med ein apside med mosaikk som truleg er laga mellom 548Keisarinne Theodora døydde og 565 som var året då Keisar Justinian døydde. Mosaikken viser ei transfigurasjonsscene med Kristus flankert av disiplane Johannes, Jakob og Peter, og Elias og Moses.

I biblioteket er det laga ei utstilling med dei mest kjende ikona frå klosteret. Det låg langt inne i ørknane ved foten av Sinaifjellet, og ein del av ikonåaleria vart difor ikkje øydelagde under biletstriden eller ikonoklasmen på 700- og 800-talet i det bysantinske riket. Dei er dermed viktige for kunnskapen om korleis Kristus vart måla før ikonoklasmen.

Sinaifjellet og klosteret har vorte utfluktsmål for turistane, og det går er turar opp på fjellet om natta med guider slik at turistane skal oppleve soloppgangen frå fjellet. Klosteret er heller ikkke den fredfulle staden det ein gong var. Det har om lag 1000 besøkande kvar dag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]