Sinimäed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn frå Põrguaugu mägi mot Pargimägi

Sinimäed (estisk Vaivara Sinimäed, «Dei blå fjella») er tre åsar nordaust i Estland. Sinimäed strekkjer seg frå vest til aust og består av Tornimägi, Põrguaugu mägi (òg kjend som Grenaderåsen) og Pargimägi (òg kjend som Lastekodumägi). Dei ligg i kommunen Vaivara vald nær kystbyen Sillamäe i Ida-Viru maakond.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sinimäed er slake åsar og ikkje fjell, som namnet kan tyde på. Likevel dominerer dei landskapet i området. Høgda på det omliggande kalksteinsplatået er i snitt 30 meter over havet, medan åsane er opp til 50 meter høgare.[1] Pargimägi og Põrguaugu mägi er dei to høgaste åsane med høgder på 85 og 83 meter over havet, medan Tornimägi er noko lågare, 70 moh. Ryggen er om lag 3 km lang.

Åsane ligg på ei 5 km brei stripe mellom Finskebukta og skogane og myrene i Alutaguse, og plasseringa har vore strategisk viktig.[2] Motorvegen Tallinn–Narva (E20) passerer åsane frå nord og jernbanelinja Tallinn–Tapa–Narva kjem frå sør.

I åsane finst nokre store kalksteinsblokker, men opphavet deira er usikkert.[3] Ein meiner at dei anten vart danna av kontinentale isbrear (endemorener), av leirdiapirar eller ein kombinasjon av begge.[3]

Militærhistorie[endre | endre wikiteksten]

På den vestlegaste åsen, Tornimägi, stod det ein utpost under den store nordiske krigen.

Under den første verdskrigen var Pargimägi med sine forsvarsstrukturar ein del av forsvarslinja til St. Petersburg. Det vart utkjempa kampar ved Sinimäed under den estiske sjølvstendekrigen i 1919.

Det fann stad omfattande slag ved Sinimäed mot slutten av den andre verdskrigen. Etter at bruhovudet ved Narva vart forsvart mot Den raude armeen i seks månader, fall tyskarane tilbake til forsvarslinja Tannenberg ved åsane. På tysk vert den austlegaste åsane kalla Kinderheimhöhe, den midtre Grenadierhöhe og den vestlegaste Liebhöhe. Det står eit minnesmerke over dei falne ved Põrgumägi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kalle Suuroja (2005) Põhja-Eesti klint – utgjevingsstad ikkje oppgjeven. ISBN 998581553X.
  2. Northeast Coast Contrasts (PDF).
  3. 3,0 3,1 Sõdadest räsitud Sinimäed (estisk) (HTML). Eesti Loodus.

Koordinatar: 59°22′30″N 27°52′00″E