Sillamäe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sillamäe linn
Flagget til Sillamäe linn Byvåpenet til Sillamäe linn
Flagget til Sillamäe linn Byvåpenet til Sillamäe linn


Plassering
Sillamäe is located in Estland
Styresmakter
Land Flag of Estonia.svg Estland
Maakond Ida-Viru maakond
Bystatus 1957
Borgarmeister Ain Kiviorg
Geografi
Flatevidd
 - By

10,54 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

16 567
  1 571,8 /km²
Koordinatar 59°24′0″N 27°45′0″EKoordinatar: 59°24′0″N 27°45′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.sillamae.ee

Sillamäe er ein by og kommune i Ida-Viru maakond, nord i Estland, på sørkysten av Finskebukta.

I sovjettida i Estland var Sillamäe ein lukka by, hovudsakleg på grunn av den kjemiske fabrikken her som produserte brenselstavar og nukleært materiale til sovjetiske atomkraftverk og atomvåpen. I starten vart det drive gruvedrift etter uran på same staden, men seinare var dette importert frå forskjellige stader i Austblokklanda, hovudsakleg Tsjekkoslovakia. Uranmalm frå Bihor-gruva, som vart drive av Sovromcuarţ (Sovjetunionen og Romania i lag) vart òg handsama i Sillamäe.[1]

Nær byen ligg stranda Toila og kurstaden Narva-Jõesuu, som vart nytta av leiarar og medlemmer av kommunistpartiet i sovjettida.

I 2005 vart det opna ei hamn i Sillamäe. Sidan 2006 har det vore fast ferjesamband mellom Sillamäe og Kotka i Finland.

Sillamäe varmekraftstasjon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Peter Diehl, «Uranium Mining in Europe», 1995. Kapittel 1