Sivert Høyem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sivert Høyem syng på Universitetet i Tromsø.

Sivert Høyem (fødd 22. januar 1976) er ein norsk songar, gitarist og låtskrivar. Han var vokalist i den norske rockegruppa Madrugada fram til gruppa vart oppløyst i 2008.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Høyem voks opp i bygda Kleiva utanfor Sortland. På 90-talet starta han gruppa Abbey's Adoption og starta opptrådte på Rock Mot Rus (RMR)Andøya i Vesterålen. Bandet har seinare vorte kjend som Madrugada.

Madrugada har gjeve ut til saman seks album sidan 1999, og Høyem vart med det særleg kjend for si mørke røyst. I 2004 starta Høyem solokarriere med bandet The Volunteers på plata Ladies and Gentlemen of the Opposition, og heldt fram suksessen med oppfylgjaren Exiles desember 2006. I 2007 vart Madrugada oppløyst etter at gitaristen Robert Burås døydde.

Sivert Høyem deltok også i songen «Venn», som vart utgjeven i samband med tsunamien i 2004 i Det indiske havet.

Den 28. september 2009 kom Høyem med sitt tredje soloalbum, Moon Landing der han for fyrste gong ikkje nytta The Volunteers. Albumet vart dels spelt inn på ei hytte på Norefjell, dels i Svenska Grammofonstudion i Göteborg og dels i Parkometer Studio i Oslo. Høyem har sjølv skrive alle songane og produsert plata sjølv i samarbeid med Cato Salsa. For albumet vann han ein spellemannpris i klassa mannleg artist under Spellemannprisen 2009.

I oktober 2010 gav Høyem ut songen Prisoner of the Road til inntekt for TV-aksjonen til Flyktningehjelpen. [1]

Sivert Høyem Band[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]