Sivert Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sivert Andreas Nielsen (8. oktober 182318. august 1904) var ein lærar, kyrkjesongar, gardbrukar, postmann og ordførar. Han var stortingsrepresentant for Nordlands amt, møtte på stortinget fyrste gongen i 1859 og siste gongen i 1897. Frå 1884 representerte han partiet Venstre, parlamentarisk leiar frå 1896 til 1898. Han var både stortingspresident og odelstingspresident.

Sivert Nielsen var fødd i Brønnøy utanfor ekteskap, far hans var husmann under garden Lund. Frå 1840 var Sivert omgangsskulelærar i Vik sokn, frå 1846 også kyrkjesongar. Gardbrukar på garden Vik, der han fekk ein stor barneflokk. Han var medlem av heradsstyret i Brønnøy i 30 år, 28 av dei var han ordførar. Elles var han forlikskommissær i 20 år og sparebankdirektør i ti år.

Nielsen var postopnar i Brønnøy i 15 år. Han vart i 1880 tilsett som postmeister i Bodø, der han var medlem av bystyret.

1859-60 var Nielsen 2. representant på Stortinget frå Nordland. Han var då medlem av justiskomite nr. 2. Ved neste stortingsval hamna han på varamannsplass. På tinget 1865-66 var han 4. representant, sekretær i justiskomite nr. 2. Grunna sjukdom møtte han ikkje på Stortinget 1868-69, var vald til 2. representant. Same plassen hadde han ved dei to neste stortingsvala, han var frå 1871 medlem av valkomiteen i alle sesjonar fram til han forlet Stortinget i 1897, med unnatak for 1889, frå 1890 var han formann. Han var medlem av jarnbanekomiteen 1871-74. Medlem av konstitusjonskomiteen 1872-88, formann 1883-88. Dessutan medlem av justiskomite nr 2. i 1871, skattekomiteen 1875-77 og 1882, røysterettskomiteen 1875-76, fullmaktskomiteen 1879-88 og 1890-97, traktatkomiteen 1882-83. Nielsen vart 7. april 1888 permittert frå Stortinget, grunna sjukdom. Han møtte ikkje på tinget i 1889. Tok sete på nytt i 1890, var 1890-97 formann i næringskomite nr 1 og 1893 i kontraktørkomiteen. 13. mars 1897 vart Nielsen permittert frå Stortinget. Dette hindra ikkje at han vart vald til ei ny stortingsperiode, 1898-1900, men han møtte ikkje.

Nielsen var president i Odelstinget 1881-84, og stortingspresident to periodar, 1885-87 og 1890-97. Han vart i 1893 og to gongar i 1895 oppfordra av kong Oscar II om å danne regjering. 1883-84 var han medlem av aksjonskomiteen under riksretten mot Selmer-ministeriet. Elles var han medlem av ei rekke kongelege kommisjonar; om hamnearbeidet, skulelova 1884, væreigarkommisjonen same året, torskefisket i Nord-Noreg 1891, uninsonskomiteen 1895-97 og av riksskattekommisjonen 1893-99.

Nielsen var medlem av deputasjonen til tusenårsminnet 1872 i Haugesund og av kroningsdeputasjonen 1873 i Trondheim. Han vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1887, og forfremja til kommandør av 1. klasse i 1896.

Siste leveåra budde han i Kristiania og døydde der i 1904.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]