Skeise-VM 2015 i firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 2015 i firkamp vart avvikla i Calgary i Canada helga 7. og 8. mars. 24 menn og like mange kvinner frå 17 ulike land deltok i meisterskapen.

Sven Kramer frå Nederland vart verdsmeister for sjuande gong, Martina Sáblíková frå Tsjekkia for tredje gong. Begge verdsmeistrane sigra også på dei to lengste distansane. Denny Morrison frå Canada gjekk fortast av alle på 500 m, russaren Denis Juskov vann 1500-meteren. I kvinneklassa fekk Heather Richardson frå USA bestetid på 500 m og norske Ida Njåtun på 1500 meter.

Samanlagt kom dei norske utøvarane Sverre Lunde Pedersen og Ida Njåtun begge på tredjeplass. Håvard Bøkko vart nummer 11, Simen Spieler Nilsen nummer 14 og Frida van Megen nummer 23.

Skeise-VM 2015[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Sven Kramer  Nederland 146,509
Sølv Denis Juskov  Russland 146,934
Bronse Sverre Lunde Pedersen  Noreg 147,182
4 Bart Swings  Belgia 148,299
5 Alexis Contin  Frankrike 148,738
6 Douwe de Vries  Nederland 149,889
7 Denny Morrison  Canada 150,009
8 Konrad Niedźwiedzki  Polen 150,672
9 Zbigniew Bródka  Polen 109,552

Dato: 7.–8. mars

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Martina Sáblíková  Tsjekkia 157,717
Sølv Ireen Wüst  Nederland 159,278
Bronse Ida Njåtun  Noreg 159,795
4 Heather Richardson  USA 160,046
5 Linda de Vries  Nederland 160,527
6 Ivanie Blondin  Canada 161,250
7 Marije Joling  Nederland 162,215
8 Kali Christ  Canada 162,391
9 Nana Takagi  Japan 119,266

Dato: 7.–8. mars

Kjelder[endre | endre wikiteksten]