Skogsvinerot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skogsvinerot


Stachys sylvatica - mets-nõianõges.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Lamiales
Familie: Lamiaceae
Slekt: Stachys
Art: S. sylvatica
Vitskapleg namn
Stachys sylvatica

Skogsvinerot er ei urt i lepeblomsterfamilien. Arten er utbreidd i Europa og Asia. Planta vert kring 70 cm høg, og har granne underjordsrenningar. Ho har mjukhåra stengel og blad som minner om nesle. Blomstrane er brunraude, og har sterk stygg lukt. Skogsvinerot blomstrar kring juli månad i urer og lauvskog med moldjord.

Planta veks over det meste av Noreg nord til Troms. Ho er funnen opp til 970 m i Hallingdal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk Wikipedia.
  • Johannes Lid, Norsk-svensk-finsk flora, Det Norske Samlaget, 1985.