Skvallerkål
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Skvallerkål | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Eudicotyledonae | |
| Orden: | Apiales | |
| Familie: | Apiaceae | |
| Slekt: | Aegopodium | |
| Art: | A. podagraria | |
| Vitskapleg namn | ||
| Aegopodium podagraria
L., 1753
|
||
Skvallerkål er ei fleirårig plante i skjermplantefamilien. Arten er utbreidd i Europa og Asia. Planta vert kring 6 dm høg, og er bladrik og veks oftast i tett bestand. Krypande jordstengel. Nedre blad to-tre gonger delte, øvre blad enkelt trekopla. Blomstrar kring juli månad i hagar og parkar, der det er eit ugras. Veks gjennom heile Noreg, men sjeldan i nord.
Kjelder [endre]
- Svensk wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.