Gallipolifelttoget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Slaget ved Gallipoli)
Gå til: navigering, søk
Måleri av landsetjinga på Anzac, måla av George Lambert
Britiske soldatar gjer seg klare til å gå i land ved Gallipoli i mai 1915.

Gallipolifelttoget (Slaget ved Gallipoli) var eit felttog på den tyrkiske halvøya Gallipoli under den første verdskrigen. Felttoget fann stad frå april 1915 til januar 1916, og involverte styrkar for Det osmanske riket på eine sida og allierte frå Frankrike, Storbritannia og det britiske imperiet på den andre. Målet til dei allierte var å ta kontroll over sundet Dardanellane, som gav Russland havtilgang, og å ta den osmanske hovudstaden Konstantinopel (Istanbul). Etter langvarige kampar blei invasjonen slått tilbake.

Før sjølve Gallipolifelttoget prøvde dei allierte å vinna kontroll over innløpet til Konstantinopel. 19.–20. februar bombarderte dei festningane ved inngangen til sundet, og 18. mars føretok angrepsflåten eit gjennombrotsforsøk. Tre slagskip gjekk ned etter å ha støtt på miner, og to blei sterkt skadde. Dei gav derfor opp dette forsøket på å ta hovudstaden, men gjekk i staden i land på halvøya.

25. april byrja landsetkinga på sørspissen av halvøya med ca. 120 000 mann frå Storbritannia og Frankrike. Tyrkarane rådde over 60 000 mann. Tyrkarane var førebudd på åtaket, og landgangstroppane klarte berre å setja seg fast på ein smal landstrimmel. I juli fekk de allierte styrker betydelege forsterkingar, og det blei gjort eit nytt framstøyt med landsetjing i Suvlabukta. I tida 6.–21. august føregjekk voldsame kampAr utan at dei allierte fekk nokon famgang. Hausten 1915 blei spørsmålet om å gje opp felttoget reist av dei allierte, og rundt årsskiftet lukkast dei med å trekka troppane vekk frå Gallipoli nesten utan tap.

I kampen om Gallipoli hadde begge partar sett inn ca. ¾ million mann, og båe hadde store tap. Mellom 200 000 og 250 000 soldatar blei skadde eller drepne på kvar side.

Landgangen ved Gallipoli er eit døme på amfibisk krigføring. Soldatar rodde i land i opne kvalbåtar eller vart frakta inn med slepebåtar. Dei uerfarne allierte soldatane vart praktisk talt slakta ned av dei osmanske forsvararane. Mange kom seg ikkje eingong ut av båtane. Ved den andre landgangen ved Suvla i august var dei utstyrte med føregjengaren til moderne landgangsfartøy, den pansra «Beetle» (engelsk for 'Billa').

På britisk side var marineminister Winston Churchill ein av forkjemparane for åtaket, og hadde utarbeidd mange av planane for det. Etter nederlaget gjekk han av som minister.

Med i den osmanske hæren var mellom anna offiseren Mustafa Kemal, seinare den første presidenten av Tyrkia og kjend som Atatürk.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gallipolifelttoget