Slengesol
Slengesol | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Gulen | ||
Postnummer | 5960 DALSØYRA[1] | ||
Gardnummer | 50 | ||
Slengesol 60°56′06″N 5°10′27″E / 60.935°N 5.17416667°E |
Slengesol eller Slengeshol[2] er ein gard i Dalsbygda i Gulen kommune i Vestland fylke. Slengesol har matrikkelnummer 50 i Gulen.[3]
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Garden ligg ved ein sideveg til den kommunale vegen mellom Dalsøyra og Norddal, ca. to og ein halv kilometer frå sjøen. Tuna ligg i ei bratt li 109 moh., oppom gardane Dale og Nerdal.[3]
Historie[endre | endre wikiteksten]
«Maadelig Kornart, tungvunden, men god Udmark.»
Or opplysningane til matrikkel i 1723
Ivar Kleiva: Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga |
Garden er truleg skilt ut frå nabogarden Dale etter innføringa av kristendommen.[3]
1667-matrikkelen[endre | endre wikiteksten]
I 1667 var skulda til garden 1½ laup og ½ pund smør. Dei hadde 28 naut og to hestar, og det vart sådd ut fem tønner korn, som gav 20 tønner i avling.[3][4]
1723-matrikkelen[endre | endre wikiteksten]
I 1723 hadde garden tre bruk, men ingen husmenn. Skulda var no 1½ laup smør, og garden hadde verken støl eller skog, men dei hadde to flaumkverner. Av buskap hadde dei 18 kyr, 8 ungnaut, 18 sauer og to hestar. Det vart sådd ut seks tønner korn og hausta inn 21 tønner. Garden var eigd av stiftamtskrivar Svanehjelm og Gjertrud de Fine som eigde halvdelen kvar.[3][4]
Utskifting[endre | endre wikiteksten]
Utskiftinga mellom bruka skjedde i fleire vender frå 1832 til 1900.[3]
Veg, straum og telefon[endre | endre wikiteksten]
Slengesol fekk køyreveg i 1928, elektrisk straum i 1945 og telefon i 1954.[3]
Stølar[endre | endre wikiteksten]
Slengesolstølen høyrer til garden, i 1930 hadde bruk ein og tre støl saman, medan bruk to hadde eigen.[5] Eigaren av bruk to hadde vøle på stølshuset i 1994.[3]
Namn[endre | endre wikiteksten]
Namnet Slengesol har ikkje vorte sikkert tyda, men Ivar Kleiva skriv i bygdeboka for Gulen at namnet kan vere kome av ei samansetjing av dei gamalnorske orda «sleidn», som tyder slakk li eller bakke, og «holl», som tyder rundvoren haug.[3] Oluf Rygh drøftar etymologien til namnet, men gav ikkje noko sikker tyding av namnet i Norske Gaardnavne.[6] I kjelder er desse skrivemåtane registrerte: «Slengesoll (1563), «Slenngesol (1567), «Slengezuld» (1610), «Slengesoell» (1620 og 1667), «Slengsol» (1723) og «Slengessold» (1823).[3]
Statens Kartverk har godkjend skrivemåtane «Slengesol» i 1974 og «Slengeshol» i 1985.[2]
Når gardsnamnet vert nytta som slektsnamn plar det skrivast «Slengesol».
Gardsnamnet Slengesol er ikkje kjent frå andre stader i landet.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Postnummerkart på nettstaden til Posten». Henta 1. november 2010.
- ↑ 2,0 2,1 «yr.no». Henta 1. november 2010.
- ↑ 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 Ivar Kleiva (1996). «Slengsol». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga II (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 148.
- ↑ 4,0 4,1 Ivar Kleiva (1996). «Føreord». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga I (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 5. [Opplysningane i matriklane er lite etterrettelege. Dei skulle gje grunnlag for utrekning av skatt, og ved samanlikning av matrikkelopplysningane med skifteprotokollar frå same tidsrom ser ein at det i stor grad vart underrapportert, venteleg i von om å få mindre skattebør. Opplysningane om storfe er nokolunde rette, men anna, som småfe, fiske, skog og anna utmarka måtte gje, er ofte unemnt i matrikkelen. Matrikkelopplysningane har likevel interesse, sidan me ikkje har andre kjelder som gjev heile biletet.]
- ↑ «Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane». Henta 3. november 2010.
- ↑ «Om Slengesol hjå Rygh på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane». Henta 3. november 2010.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Slengesol i gardsmatrikkelen frå 1886
- Slengesol i matrikkelutkastet av 1950
- Om Slengesol i Gardsleksikonet til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv
- Vidare lesnad
- Ivar Kleiva: «Slengsol» i Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga, band ll, side 148-160.