Hans Ditlev Franciscus von Linstow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Linstow måla av Carl Peter Lehmann, 1842
Det kongelige slott med Slottsplassen og Karl Johan-monumentet i forgrunnen

Hans Ditlev Franciscus von Linstow (4. mai 178710. juni 1851)[1] var ein dansk-norsk arkitekt som særleg er kjent for sitt hovudverk i Noreg; Det kongelege slott.

Han studerte teikning og måling ved Kunstakademiet i København på samme tid som han også studerte jus. Han avslutta studiene i København i 1812 og dro til Kongsberg kor han i åra 1812-1814 var elev ved Bergakademiet. Han avslutta ikkje ingeniøroffiserutdanninga, men studerte i stedet arkitektur attåt. Han arbeidde frå 1814 ved hoffet hans Kristian Fredrik og i tida 1815-1818 var han regimentskvartermeister og auditør ved det Akerhusiske ridende Jægerkors. I tida fram til 1820 var han brigadeauditør i kavaleriet og garnisonsauditør i Christiania.

Linstow ga undervisning, først i gipsklassen og i åra 1822-1840 i bygningslære ved Den kongelige tegneskole (Kunstakademiet) i Christiania. Han hadde vore ein av initiativtakerne til opprettinga av akademiet.[2]

[endre] Oppgåver

I 1823 fekk han oppgåva med å teikne slottet i Oslo og var med på å forme ut Slottsparken, med vaktstua til Garden. Han hjalp også venen Henrik Wergeland med bygginga av Grotten. I samtida vekte det undring då Linstow fekk oppgåva som arkitekt for slottet; han var ikkje utdanna arkitekt og hadde «ikke bygget så meget som et hundehus» i følgje J.C. Dahl.[2][1]

Slottet vert reist eit stykkje frå sjølve bybebyggelsen og Linstow la i 1838 fram plan for å knytte dette nærare saman med sjølve byen, noko som resulterte i den seinare Karl Johans gate. Gata fekk først namnet Slottsveien og Linstow så for seg bebyggelse med offentlege bygg på begge sider av gata og at tyngdepunktet i byen skulle ligge i denne gata fram mot Egertorget .

Linstow arbeide også ut mønsterteikningar for norske kyrkjer i åra 1828-1831 og rundt 80 kyrkjer blei reist med utgangspunkt i desse teikningane. Han arbeide også ut tilsvarande mønsterteikningar for prestegardar.

Linstow omkom i samband med ei vognulukke i 1851.[3]

[endre] Referansar

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hans Ditlev Franciscus von Linstow
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk