Karl III Johan av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl XIV Johan
Karl III Johan
Jean Baptiste Bernadotte.jpg
Konge av Sverige og Noreg
Regjeringstid 5. februar 1818-8. mars 1844
Fødd 26. januar 1763
Fødestad Pau i Frankrike
Død 8. mars 1844 (81 år)
Dødsstad Stockholms slott
Gravlagd Riddarholmskyrkan i Stockholm
Føregjengar Karl II (XIII)
Etterfølgjar Oscar I
Gift med Desideria
Kongehus Huset Bernadotte
Motto Folkets Kjærlighed min Belønning
Far Jean Henri Bernadotte
Mor Jeanne St. Jean
Born Oscar I

Karl III Johan (26. januar 17638. mars 1844) var norsk og svensk konge frå 1818. I Sverige vert han kalla Karl XIV Johan.

Offiseren Bernadotte måla av Fredric Westin.

Jean-Baptiste Bernadotte var fødd 26. januar 1763 i Pau i Frankrike. Han gjekk inn i militæret der han gjorde ein glitrande karriere, frå vanleg meinig til divisjonsgeneral i tida frå 1780 til 1794.

Han gifta seg 16. august 1798 med Désirée Clary som sidan vart norsk og svensk dronning under namnet Desideria. Ho hadde tidlegare vore trulova med Napoleon Bonaparte, og syster hennar var gift med bror hans, Joseph Bonaparte, som var konge av Napoli 1806-08 og av Spania 1808-13.

Bernadotte var ei tid fransk ambassadør i Wien før han blei fransk krigsminister omtrent same tid som han fekk sonen Oscar i 1799. I 1804 blei han så guvernør og sjef for den franske arméen i Hannover. Han blei òg opphøgd til fyrste av Ponte Corvo i Italia som løn for innsatsen sin i slaget ved Austerlitz. Seinare mista han likevel noko av Napoleon sin tillit.

Då den nyleg adopterte kronprinsen Christian August av Augustenborg døydde i 1810 stod Sverige brått utan tronarving. Svenskane baud stillinga til Jean-Baptiste, som takka ja og tok namnet Carl Johan.

I 1813 gjekk Sverige under Karl Johan med i den sjette koalisjonen mot Napoleon. Kronprinsen utmerka seg i fleire slag, særleg i slaget ved Leipzig i 1813. For innsatsen fekk Karl Johan løfte frå koalisjonsvenen om å få Noreg som løn.

Då det var klart at det endelege nederlaget til Napoleon snart ville koma gjekk Carl Johan til åtak på Danmark og tvinga kong Frederik VI til å slutta fred i Kiel den 14. januar 1814. Kongen av Danmark-Noreg måtte avstå Noreg til kongen av Sverige. Karl Johan skal personleg ha endra ordlyden i det første utkastet, som sa at Noreg skulle høyra til og innlemmast i kongeriket Sverige. Ved å gje Noreg status som eige kongerike unngjekk Karl Johan å provosera norsk opinion, som uansett blei opprørt over å ha blitt avstått av sin eigen konge utan å vera spurt.

Statue av Karl Johan på slottplassen i Oslo.

Karl Johan blei krona til konge den 11. mai 1818 i Sverige og den 7. september same året i Noreg. Hovudgata i Oslo er oppkalla etter kong Karl Johan, og det står ein ryttarstatue av han på slottsplassen i Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karl III Johan av Noreg