Snowdon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 53°4′7.91″N 4°4′32.12″E
Snowdon
Yr Wyddfa
fjell
none  Snowdon sett frå Llyn Llydaw
Snowdon sett frå Llyn Llydaw
Land Flag of Wales 2.svg Wales
Fjellkjede Snowdonia
høgd 1 085 moh
skardhøgd 1 038 m
koordinatar 53°4′7.91″N 4°4′32.12″E
Førstestiging av Thomas Johnson
 - dato 1639

Snowdon er det høgste fjellet i Wales og det høgste i Storbritannia sør for det skotske høglandet. Sjølve toppen, som når 1085 moh., er også kjend under det walisiske namnet Yr Wyddfa, som tyder «gravhaugen». Det engelske namnet på fjellet kjem frå angelsaksisk snow dun, som tyder «snøås».

Fjellet ligg i nasjonalparken og fjellkjeda Snowdonia i Gwynedd. Parken er eit svært populært turistmål, og Snowdon er ein av dei største attraksjonane han har å by på. Som det høgste fjellet i Wales inngår det i National Three Peaks Challenge (Tretoppsutfordringa).

Frå toppen har ein god utsikt over dei britiske øyane. På ein klar dag kan ein sjå Irland, Skottland, England og Wales, inkludert 24 grevskap, 29 innsjøar og 17 øyar. Sikta mellom Snowdon og Merrick i det sørlege Skottland er med 232 km den lengste teoretiske siktelinja på dei britiske øyane. [1]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Toppen av Snowdon vart ifølgje registreringane fyrst nådd av botanikaren Thomas Johnson i 1639.[2] Likevel nemner den walisiske historikaren Thomas Pennant på 1700-talet ei «feiring i triumf på dette, fjellet over alle våre fjell» etter at Edvard I hadde erobra Wales i 1284, noko som, viss det stemmer, vil seie at toppen vart nådd mykje tidlegare.[3]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jf. http://www.viewfinderpanoramas.org/panoramas/UPL/Merrick-S.gif . I praksis er det sjeldan at dei atmosfæriske forholda er slik at det er mogleg å sjå heilt til Merrick.
  2. The Summits of Snowdonia av Terry Marsh (London: Robert Hale, 1984).
  3. «… triumphal fair upon this our chief of mountains» – A Tour in Wales av Thomas Pennant (1778–1783), sitert i The Summits of Snowdonia av Terry Marsh (London: Robert Hale, 1984).