Solenglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solenglar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Lesbiini
Slekt: Solenglar Heliangelus
Gould, 1848

Solenglar (Heliangelus) er ei biologisk slekt i underfamilien Lesbiinae av kolibriar. Desse ni kolibriartane lever samla sett i relativt høgtliggande område frå omtrent Cochabamba i Bolivia nordover i eit smalt belte langs Andes til delstaten Lara i Venezuela. Flest artar finst innanfor grensene til Ecuador.

Det norske fellesnamnet for artane, 'solengel' svarar til det vitskaplege namnet Heliangelus som kjem frå gresk, helios «sol» og angelos «engel», «bodbringar».[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er mellomstore kolibriar, nesten alle 10-11 centimeter i kroppslengd, med skinnande grøn eller bronsjegrøn overside, meir uklår grøn underside, flekka hos nokre artar. Vengene er mørk bronsefarga. Alle har iriserande strupeområde hos hannfuglar, dei fleste i purpurlilla fargetoner. Fem av artane med kvitt brystband under den glitrande strupen. Moderat kløfta mellomlang hale, relativt kort, rett svart nebb. Hofuglar er mindre iaugefallande med mindre markert strupeflekk, nokre med kortare, mindre kløfta hale.

Solenglar lever i typisk fuktige til våte habitat i lågvekst skog, grasland, men somme òg i tørrare habitat av kratt. Typisk høgdnivå er rundt 2000 til 3600 moh., ofte rundt 2500 m, kongesolengel og blåhalesolengel 1000 m lågare. Dei supplerer føda med små insekt i tillegg til nektar frå plantar dei er spesialiserte på.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Nærbilete av strupen på gyllensolengel, Heliangelus mavors
Turmalinsolengel, Heliangelus exortis
Blåhalesolengel, Heliangelus strophianus

Sephanoides-kolibriar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

  • Gyllensolengel, Heliangelus mavors, Orange-throated sunangel, Gould, 1848, (LC)
Oransje iriserande strupe, austre Andes i Colombia over til nordvestre Venezuela, fuktig tåkeskog og småvekst skog, 2000 til 3200 moh.[4]
  • Amestystsolengel, Heliangelus amethysticollis, Amethyst-throated sunangel, (d'Orbigny & Lafresnaye, 1838), (LC)
10 cm, purpur iriserande strupe ovafor kvitt band, austre Andes frå Bolivia gjennom Peru og Ecuador, fuktige habitat 1800–3200 moh. (> 2400)[5]
  • Santandersolengel, Heliangelus clarisse, Longuemare's sunangel, (Longuemare, 1841), (LC)
9-10 cm, rosenraud iriserande strupe ovafor kvitt band, austre Andes i Colombia litt inn i Venezuela, ein annan bestand i Serranía del Perijá, begge land, fuktig tåkeskog og småvekst skog, 1800–3600 moh.[6]
  • Meridasolengel, Heliangelus spencei, Merida sunangel, (Bourcier, 1847), (LC)
Purpurraud glitrande strupe, klårt, kvitt brystband, endemisk for område ved Mérida i Venezuela, habitat i opningar i skog og ved beitemarker, 2000–3600 moh.[7]
  • Blåhalesolengel, Heliangelus strophianus, Gorgeted sunangel, (Gould, 1846), (LC)
Purpur iriserande strupe, klårt kvitt brystband, mørk grøn overside, grøn underside, Ecuador litt inn i sørlegaste Colombia, fuktige habitat, lever lågt frå 1200 m til 2800 moh.[8]
  • Turmalinsolengel, Heliangelus exortis, Tourmaline sunangel, (Fraser, 1840), (LC)
Mørk fjørdrakt, iriserande purpurfarga strupe, manglar brystband, austre Andes i Ecuador og Colombia, våte habitat, 1500 moh. til 3400 m, mest over 2300 m[9]
Gul iriserande strupe, elles grøn, Andes i nordlege Peru og sørlege Ecuador, 2300 til 3400 moh.[10]
11-12 cm, fiolett iriserande strupe med glitrande blågrønt nedfor, manglar kvitt brystband, lang kløfta hale, tåkeskog i austre Andes i Colombia over til nordvestre Venezuela, 2150–3000 m[11]
  • Kongesolengel, Heliangelus regalis, Royal sunangel, Fitzpatrick, Willard & Terborgh, 1979, (NT)
Hannar er svarte med mørk blå skin, lang sterkt kløfta hale, hoer lyase grøn og med kvitt brystband, oppstykka utbreiing i Cajamarca-regionen og San Martín i nordlegaste Peru, mot nord litt inn i Ecuador, 1250 m til 2200 moh.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 187. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2023. IOC World Bird List (v13.1). doi : 10.14344/IOC.ML.13.1 Henta 7. mars 2023
  3. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/
  4. Heynen, I. and P. F. D. Boesman (2020). Orange-throated Sunangel (Heliangelus mavors), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.ortsun1.01
  5. del Hoyo, J., I. Heynen, N. Collar, P. F. D. Boesman, G. M. Kirwan, og C. J. Sharpe (2020). Amethyst-throated Sunangel (Heliangelus amethysticollis), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.amtsun3.01
  6. del Hoyo, J., I. Heynen, N. Collar, P. F. D. Boesman, G. M. Kirwan, og C. J. Sharpe (2020). Longuemare's Sunangel (Heliangelus clarisse), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.amtsun2.01
  7. del Hoyo, J., I. Heynen, N. Collar, P. F. D. Boesman, G. M. Kirwan, og C. J. Sharpe (2020). Merida Sunangel (Heliangelus spencei), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.amtsun4.01
  8. Heynen, I. and P. F. D. Boesman (2020). Gorgeted Sunangel (Heliangelus strophianus), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.gorsun1.01
  9. Heynen, I. and P. F. D. Boesman (2020). Tourmaline Sunangel (Heliangelus exortis), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.tousun1.01
  10. Heynen, I. and P. F. D. Boesman (2020). Flame-throated Sunangel (Heliangelus micraster), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.litsun1.01
  11. Heynen, I., P. F. D. Boesman, A. Bonan (2020). Purple-throated Sunangel (Heliangelus viola), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.putsun1.01
  12. Heynen, I., P. F. D. Boesman, og G. M. Kirwan(2020). Royal Sunangel (Heliangelus regalis), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.roysun1.01

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Solenglar