Sorsele kommun
| Sorsele kommun | |
Kommunevåpenet til Sorsele kommun |
|
| Len | Västerbottens län |
| Landskap | Lappland |
| Areal | 7 957,64 km² |
| – Landareal | 7 368,44 km² |
| – Vassareal | 589,2 km² |
| Folketal | 2699 |
| Kommunenummer | 2422 |
| Kart | |
|---|---|
Sorsele kommune ligg i Västerbottens län i Lappland i Sverige. Kommunen grensar i vest til Rana kommune i Noreg, til Arjeplog kommune i nord, Malå kommune og Lycksele kommune i aust, og Storuman kommune i sør. Sorsele er den nest minste kommunen i Sverige etter folketal.
Administrasjonssenter i kommunen er Sorsele.
Innhaldsliste |
Administrativ historie [endre]
Dei to kommunereformane i 1952 og 1971 påverka ikkje grensene til Sorsele kommune. Den einaste verknaden av den første var at eit municipalsamhälle som vart oppretta i 1935, vart oppløyst i 1955.
Kommunekommunevåpenet [endre]
Kommunekommunevåpenet til Sorsele kommune kom til etter ein konkurranse på 1960-talet, og vart fastlagt ved ein kongeleg resolusjon i 1970, og deretter registret av Patent- och registreringsverket i 1974. Kommunevåpenskjoldet viser to krosslagde blå ski gjennomtrengt av eit blått ulvespyd med raud spiss. Over spydet er det ein kniv for tilreiing av reinhorn.
Samisk språk [endre]
Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunen[1] og kommunen inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.
Geografi [endre]
Innsjøen Storvindeln ligg i kommunen. Vindelälven er det største vassdraget. Delar av fjellområdet Vindelfjällen på grensa mot Storuman kommune er eit naturreservat. I aust er det store myr- og skogområde, og skogbruk og treindustri er viktige næringar i kommunen.[2] Reindrift er òg ei viktig næring, i fjellbyen Ammernes finst området i Sverige med høgast reintettleik.[3]
E45 og Inlandsbanan går gjennom kommunen.
Tettstader [endre]
Sorsele kommune hadde berre ein tettstad i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005].[4]
| # | Tettstad | Innbyggjarar |
|---|---|---|
| 1. | Sorsele | 1 288 |
Småstader [endre]
Det finst tre småstader i Sorsele kommune (folketal den 31. desember 2005):[5]
| Nr | Småstad | Folketal |
|---|---|---|
| 1 | Blattnicksele | 187 |
| 2 | Gargnäs | 138 |
| 3 | Ammarnäs | 95 |
Andre stader [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Sorsele kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Det svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk
- ↑ Artikkel om Sorsele kommune i snl.no
- ↑ Renskötsel i Sorsele frå nettstaden til Storsele kommunes.
- ↑ Statistiska centralbyrån den 31 december 2005
- ↑ Statistiska centralbyrån den 31 december 2005
Bakgrunnsstoff [endre]
Offisiell heimesidefor Sorsele kommune
|
|
||
|---|---|---|
| Bjurholm · Dorotea · Lycksele · Malå · Nordmaling · Norsjö · Robertsfors · Skellefteå · Sorsele · Storuman · Umeå · Vilhelmina · Vindeln · Vännäs · Åsele | ||
| Sjå òg: Liste over Sveriges kommunar | ||