Lycksele kommun
| Lycksele kommun | |
Kommunevåpenet til Lycksele kommun |
|
| Len | Västerbottens län |
| Landskap | Lappland |
| Areal | 5 888,93 km² |
| – Landareal | 5 518,49 km² |
| – Vassareal | 370,44 km² |
| Folketal | 12 368 |
| Kommunenummer | 2481 |
| Kart | |
|---|---|
Lycksele kommune ligg på svenske länet Västerbottens län i landskapet Lappland i landsdelen Norrland. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Lycksele. Kommunen grensar til nabokommunane Storuman, Malå, Bjurholm, Norsjö, Sorsele, Vilhelmina og Vindeln.
Innhaldsliste |
Samisk språk [endre]
Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunen[1] og Lycksele kommune inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige. Sveriges første sameskule vart grunnlagt i Lycksele i 1632, og frå gammalt av har Lycksele vore eit knutepunkt for den sørlege delen av Lappland med årlege marknader.[2]
Geografi [endre]
Lycksele kommune ligg midt i eit skoglandskap, og gjennom kommunen, og tettstaden, renn Ume älv, eit av dei mektigaste vassdraga i Sverige.
E12 går gjennom kommunen. Lycksele har samband til det svenske jernbanenettet gjennom jernbanelinja mellom Storuman og Hällnäs. Lycksele lufthamn har daglege ruter til Stockholm Arlanda.
Tettstader [endre]
Lycksele kommune hadde to tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
| # | Tettstad | Innbyggjarar |
|---|---|---|
| 1. | Lycksele | 8 597 |
| 2. | Kristineberg | 331 |
Mindre stader i Lycksele [endre]
Venskapskommunar [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Lycksele kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Det svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk
- ↑ Artikkel om Lycksele i snl.no
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
||
|---|---|---|
| Bjurholm · Dorotea · Lycksele · Malå · Nordmaling · Norsjö · Robertsfors · Skellefteå · Sorsele · Storuman · Umeå · Vilhelmina · Vindeln · Vännäs · Åsele | ||
| Sjå òg: Liste over Sveriges kommunar | ||