South Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
South Park


Sjanger Animasjon
Komedie
Satire
Lengd Rundt 20 minutt
Skaparar Trey Parker og Matt Stone
Medverkande Trey Parker
Matt Stone
Isaac Hayes (1997-2006)
Mary Kay Bergman (1997-1999)
Eliza Schneider (2000-2003)
Mona Marshall
Gracie Lazar
John Hansen
Jennifer Howell
Adrien Beard
Nasjonalitet USA
Språk Engelsk
Kanal Comedy Central, NRK, MTV, Canal +
Episodar per sesong Mellom 13-19
Episodar totalt 165 (166 med filmen)
(31. oktober 2007)
Sesongar 11
Internet Movie Database

South Park er ein humoristisk teiknefilmserie for fjernsyn, laga i USA av Matt Stone og Trey Parker.

Serien er laga for vaksne, sjølv om det ved første augekast kan sjå ut som ein heilt vanleg barneserie, er innhaldet heilt klart ikkje egna for born.

I serien følgjer ei gruppe åtteåringar (som blei niåringar i midten av sesong 4) som bur i fjellbyen South Park i Colorado. Serien er kjend for satire av det USA-amerikanske samfunnet og av aktuelle hendingar. Den har vekt oppsikt for den svarte humoren, antisemittisme hjå rollefigurane og for å parodiere andre tabuemne.

South Park har òg gått på NRK, og seinare på andre norske TV-kanalar.

Dei viktigaste rollefigurane[endre | endre wikiteksten]

Eric Theodore Cartman er den tjukke, sjølvgode, barnslege og rasistiske guten som alltid er ute etter bråk. Han mislikar hippiar, jødar og muslimar, og gjer alt han kan for å bli kvitt dei, til tross for at ein av hans beste vener (Kyle) er jøde. Eric har nesten alltid ein genial plan for rikdom eller hemn, men dette ender som oftast katastrofalt. Eric har berre ei mor, og ingen far, og er veldig bortskjemd. Han har også ein katt som han ikkje er særleg glad i.

Stan Marsh er nok den guten med høgst moral og tankegang. Han er svært forelska, men vert nervøs når han skal snakke med jenta han liker (Wendy Testaburger) at han spyr på henne. Dette var særleg i tidlegare episodar, men har avtatt i dei seinare sesongane.

Kyle Broflavski er jøde, og dermed offer for Eric si langvarige mobbing, men dei er likevel med i vennegjengen begge to. Kyle er den av hovudpersonane som får dårleg samvit ganske fort, noko som kan vera eit problem når han heng saman med dei ikkje alltid like lovlydige kameratane sine.

Kenneth «Kenny» McCormick går oransje jakke som dekkjer so og sei heile kroppen hans, også hovudet. Det er difor nesten umogleg for TV-sjåaren å skjøna kva han seier. Kenny er nok den mest uheldige personen i heile South Park, og kjem ut for dei merkelegaste ulykker i nesten alle episodane, og døyr stadig vekk. På spørsmål om kvifor Kenny døyr heile tida, har serieskaparane svara «Because he is poor». Familien til Kenny er nemleg ein fattig familie, såkalla «White trash»

Bifigurar[endre | endre wikiteksten]

Leopold «Butters» Stotch blir ofte sett på som ein av hovudpersonane i South Park, sjølv om han eigentleg ikkje er det. Butters går alltid lysegrøn genser og gult hår, med mindre han er forkledd som det onde aliaset sitt, «Professor Chaos», som han laga etter at han vart kasta ut av vennegjengen i episoden «Professor Chaos».

Token Black er den einaste svarte guten i South Park, noko som han ofte får høyre frå Eric. Token har også eit talent for synging, noko som kom fram i episoden «Wing». Familia til Token er den einaste familia i South Park som er rik, noko han også blir mobba for.

Jerome «Chef» McElroy er den alltid trufaste kokken i South Park. Han er smart, glad i å syngje og har alltid råd til borna når dei spør han om hjelp. Han ender som oftast opp med å sei meir enn han burde, og gje ungane informasjon ein normalt ikkje gjev ungar, noko som gjer at dei ofte står igjen med fleire spørsmål enn dei hadde før dei spurte han om hjelp.

South Park: Bigger, Longer & Uncut[endre | endre wikiteksten]

South Park: Bigger, Longer & Uncut er ein langfilm laga i 1999. Trey Parker er regissør. Filmen kan godt kallast ein musikal, sidan filmen inneheld heile 12 songar.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Dei canadiske humoristane Terrance og Phillips film «Asses on fire» kjem på kino i South Park, noko som gjer at alle borna i byen legg seg til ein stygg språkbruk med mykje banning. Dette liker ikkje mødrene i byen, og startar straks ein hemnaksjon under namnet M.A.C (Mothers against Canada) mot dei kanadiske skodespelarane, og mot Canada. Dei tek Terrance og Phillip til fange, og planlegg å avrette dei. Kenny døyr også i denne filmen, og kjem naturlegvis til helvete, der han overhøyrer Satan snakke om profetien om at han skal ta over verda so snart blodet til dei kanadiske skodespelarane treffer bakken. Kenny må då varsku venane sine som fortsatt er i live slik at dei får stoppe avrettinga av Terrance og Phillip, og verda sin undergang.

Røystene[endre | endre wikiteksten]

Trey Parker har røystene til Stan Marsh, Eric Cartman, Herbert Garrison, Officer Barbrady, Terrance, Ned Gerblanski, Satan, Randy Marsh, Stuart McKormick, Mr. Mackey, Dr. Alphonse Mephisto og diverse roller.

Matt Stone har røystene til Kyle Broflovski, Kenny McCormick, Butters Stotch, Gerald Broflovski, Pip Pirrup, Jesus Kristus, Jimbo Kearn, Phillip, Saddam Hussein og diverse roller.

Mona Mashall har røystene til Sheila Broflovski, Linda Stotch og diverse roller f.o.m. sesong 4.

Isaac Hayes har røystene til Jerome «Chef» McElroy.

Eliza Schneider har røystene til Mayor McDaniels, Liane Cartman, Mrs. McKormick, Wendy Testaburger, Shelly Marsh, Sharon Marsh og diverse andre roller i episodene f.o.m. sesong 3, episode 16 t.o.m. sesong 7.

Mary Kay Bergman har røystene til Wendy Testaburger, Liane Cartman, Sheila Broflovski, Sharon Marsh, Mrs. McKormick, Mayor McDaniels, Ms. Crabtree, Principal Victoria, Shelly Marsh, Nurse Gollum og diverse andre roller i episodane frå og med sesong 1 til og med sesong 3, episode 15.

Adrien Beard har røysta til Token Black.

Vernon Chatman har røysta til Towelie.

Jennifer Howell har røysta til Bebe Stevens.

John Hansen har røysta til Mr. Slave.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]