Spanish Castle Magic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spanish Castle Magic
Song av The Jimi Hendrix Experience
frå albumet Axis: Bold as Love
Utgjeve 1. desember 1967
Innspelt 27. og 28. oktober 1967 i Olympic Studios i London i England
Sjanger Hardrock, psykedelisk rock, acidrock, bluesrock
Lengd 3:00
Selskap Track
Låtskrivar(ar) Jimi Hendrix
Produsent Chas Chandler

«Spanish Castle Magic» er ein song av The Jimi Hendrix Experience. Skriven av Jimi Hendrix og produsert av Chas Chandlerer han den tredje songen frå det andre studioalbumet deira, Axis: Bold as Love.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen var inspirert frå high school-tida til Hendrix (kring 1958-1961), då han ofte vitja eit danselokale kalla The Spanish Castle. Klubben låg sør for Seattle og mange lokale rockegrupper spelte der på denne tida. Vegen fram dit var på denne tida langt lengre enn han seinare vart, og bilen som venen til Hendrix hadde, braut saman forholdsvis ofte, og derfor linja «Takes 'bout a half a day to get there...» The Spanish Castle vart rive ned i april 1968.

Musikken skiftar mellom aggressiv, fyldig gitar i introen, refrenget og soloane, og eit riff spelt i rytmiske steg av gitar, trommer og bass på versa.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Fleire andre artistar har spelt inn songen, mellom anna Santana, Hay and Stone, Yngwie J. Malmsteen, MDC, Spin Doctors og Hiram Bullock.

Songen var spelbar i videospelet Guitar Hero, men vart der spelt som ein instrumental.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]