The Jimi Hendrix Experience

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Jimi Hendrix Experience
Jimi Hendrix Experience in Fenklup.png
The Jimi Hendrix Experience spelar for nederlandsk fjernsyn i 1967. Frå venstre til høgre: Jimi Hendrix, Noel Redding og Mitch Mitchell.
Alias The Cry of Love (1970)
Sjanger Psykedelisk rock, hardrock, bluesrock, heavy metal
Aktive år 1966–1969, 1970
Tilknytte artistar Gypsy Sun and Rainbows, Band of Gypsys, The Noel Redding Band, Ramatam
Plateselskap Track (Storbritannia)
Reprise (Nord-Amerika)
Polydor (Europa)
Barclay (Frankrike)
MCA (i seinare år)
Nettstad www.jimihendrix.com
Tidlegare medlemmer
Jimi Hendrix
Noel Redding
Mitch Mitchell
Billy Cox

The Jimi Hendrix Experience var eit psykedelisk rockeband starta i London i oktober 1966. Det bestod av låtskrivaren og gitaristen Jimi Hendrix, bassist og korvokalist Noel Redding og trommeslagar Mitch Mitchell. Bandet var aktive fram til juni 1969, og hadde då gjeve ut tre studioalbum. Etter at Redding forlet bandet, heldt Hendrix og Mitchell saman på andre prosjekt. The Experience vart «gjenforeint» i 1970 med Billy Cox kalla «The Cry of Love», fram til Hendrix døydde i september 1970. Redding døydde i 2003, medan Mitchell døydde i november 2008.

Bandet er rekna som eit av dei viktigaste for utviklinga av hardrock og heavy metal i 1970-åra og seinare. The Experience er mest kjend for dugleiken, stilen og karismaen til frontmann Hendrix, som har vorte stemnt fram som den største gitaristen gjennom tidene mange gonger. Alle dei tre studioalbuma til bandet, Are You Experienced (1967), Axis: Bold as Love (1967) og Electric Ladyland (1968), er på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene, på respektive 15., 82. og 54. plass. I 1992 vart The Jimi Hendrix Experience innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jimi Hendrix kom til England i september 1966[1] og med den nye manageren sin Chas Chandler danna dei eit backingband med bassist Noel Redding og trommeslagar Mitch Mitchell.[2] Mitchell spelte tidlegare trommer i London med Georgie Fame and the Blue Flames som førte jazz-tromming og ein leiande måte å spele på til bandet. Han skulle bli ein av dei viktigaste musikalske partnarane til Hendrix. Redding vart valt fordi Hendrix likte haldninga hans til musikk og hårfrisyren hans. Det var første gong han hadde spelt bass i eit band, for han var i røynda gitarist. Det var forretningsføraren Mike Jeffrey som gav dei namnet «The Jimi Hendrix Experience».[3]

Sjølv om dei opphavleg var meint som eit backingband for Hendrix, vart The Experience raskt noko meir enn det. Dei følgde Cream og vart eit av dei første banda som populariserte «powertrio»-formatet, som berre bestod av ein gitar, bass og trommer.[4] Dette mindre formatet oppfordra til meir utåtvendt speling frå kvart bandmedlem, ofte med høgt volum. Med The Experience kombinerte Hendrix solo- og rytmegitar i ein, medan han samstundes nytta gitareffektar som feedback, og seinare wah-wah-pedal, på ein måte ingen hadde høyrt før. Mitchell spelte hardtslåande jazz-aktige rytmar, og hadde ofte ei melodisk rolle i tillegg til å halde takten. Redding spelte forholdsvis enkle basslinjer som forankra stilen til bandet. Visuelt sette dei trenden i psykedelisk mote og følgde Bob Dylan sin hårfrisyre frå 1966. Gruppa slo først igjennom i USA etter Monterey Pop Festival i juni 1967, ein av dei første store rockefestivalane.[2] Konserten til bandet enda med at Hendrix sette fyr på Fender Stratocasteren sin.[5] Etter festivalen vart dei bede om å dra på turne med The Monkees. Dei kom med på turneen den 8. juli 1967 i Jacksonville i Florida, som andre band av tre. Mindre enn to veker seinare forlet dei bandet, visstnok fordi dei ikkje likte responsen frå publikum. Den siste Hendrix/Monkees-konserten vart spelt i Flushing Meadows i Queens i NY. Chas Chandler sa seinare at det heile var eit publisitetsstunt.[6]

Med bandet spelte Hendrix inn fem hitsinglar, «Hey Joe», «Purple Haze», «The Wind Cries Mary», «Burning of the Midnight Lamp» og «All Along the Watchtower», og dei tre mest suksessrike albuma hans, Are You Experienced, Axis: Bold as Love og Elektrisk Ladyland. Bandet byrja å slå sprekker i april 1969. Hendrix fekk eit stadig dårlegare forhold til Redding, og følte at den musikalske utviklinga hans vart hindra av trio-formatet. Hendrix hadde òg byrja å eksperimenterte med beroligande midlar og pskyedeliske dop. Han var utsett for humørsvingingar, som skapte konfliktar i bandet.[7] Den originale gruppa heldt saman lenge nok til å fullføre kontraktane sine, og spelte den siste konserten sin på Denver Pop Festival den 29. juni 1969. Frå scenen ropte Hendrix: «Dette er den siste konserten me spelar i lag!». Det original Experience vart oppløyst.

Hendrix eksperimenterte med større band, kjend som Gypsy Sun and Rainbows for Woodstock i august 1969, men gjekk attende til trioformatet med Band of Gypsys. I 1970 hadde Hendrix oppløyst Band of Gypsys - det har vore hevda at dette kom av at Michael Jeffrey (no manager for Jimi Hendrix) ønskte å samle det originale Experience, men som assistenten hans Trixie Sullivan sa, så gjorde Hendrix akkurat det han sjølv ønskte musikalsk, medan Jeffrey berre tok seg av forretningane. Jeffrey ringte Redding og Mitchell om ei gjenforeining av the Experience. Begge godtok tilbodet til det som såg ut til å verte ein innbringande turne, og både Mitchell og Redding trong pengane. Det gjorde òg Hendrix som på denne tida hadde økonomiske problem, delvis fordi han hadde bygd Electric Lady Studios. Hendrix var open til å ta inn Mitchell att, men var motvillig til å spele med Redding igjen.

Tidleg i februar 1970 såg det ut til at det originale Experience var gjenforeint. Michael Jeffrey fekk til og med i stand eit intervju med Rolling Stone som annonserte at bandet var attende, dei gamle såra lækja og at framtida såg lys ut. Dette var langt frå sanninga. Redding venta i vekesvis på tilbakemelding på når øvinga til turneen skulle starte, før han fekk vite at han var erstatta av Billy Cox. Før turneen starta sa Hendrix at han kalla denne turneen The Cry of Love. Dette er einaste gongen dette namnet vart nytta, før albumet som kom ut i 1971. Sjølve gruppa vart overalt framleis kalla Jimi Hendrix Experience eller berre Jimi Hendrix. Etter ein pause på nesten ti månader, la «Jimi Hendrix Experience» ut på turne ein siste gong. Hendrix ønskte ein turne i USA, medan mangementet hans ønskte å dra til Europa. Bandet reiste til Europa, men turneen fekk ein dårleg start. Hendrix var forkjølt, fekk ikkje nok kvile og var opprørt over managementet på grunn av den økonomiske situasjonen hans. Hendrix var særs deprimert og under ein pause i turneen døydde Hendrix den 18. september 1970.[2] I 1992 vart The Experience innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[1]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «The Jimi Hendrix Experience». Rock and Roll Hall of Fame. 2008. http://www.rockhall.com/inductee/the-jimi-hendrix-experience. Henta 15. mars 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Unterberger, Richie; Westergaard, Sean. «Jimi Hendrix > Biography». allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p85934/biography. Henta 15. mars 2011. 
  3. Lawrence 2005, s. 56
  4. Saunders, William (2010) Jimi Hendrix London Roaring Forties Press ISBN 978-0-9843165-1-9
  5. Lawrence 2005, s. 78
  6. Lawrence 2005, s. 84
  7. Mitch Mitchell and John Platt, The Hendrix Experience,(London: Hamlyn, 1990), s. 88-96, 48-149.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]