Are You Experienced

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Are You Experienced
Studioalbum av The Jimi Hendrix Experience
Are You Experienced - US cover.jpg
Plateomslaget til den amerikanske utgåva
Utgjeve 12. mai 1967 (Storbritannia)
23. august 1967 (USA)
Innspelt 26. oktober 1966 – 3. april 1967 i London, i De Lane Lea, CBS & Olympic Studios.
Sjanger Psykedelisk rock, bluesrock, hardrock
Lengd 40:12
Selskap Track (mono), Barclay (mono), Polydor (Europe - falsk stereo), Reprise, MCA
Produsent Chas Chandler
Kritikk
The Jimi Hendrix Experience-kronologi
Are You Experienced Axis: Bold as Love
(1967)

Are You Experienced er debutalbumet til det engelsk/amerikanske-rockebandet The Jimi Hendrix Experience. Det kom ut i 1967 og var den første utgjevinga til Track Records. Albumet kasta lys over den R&B-baserte, psykedeliske, forvrengde og feedback-tunge elektrisk gitarstilen til Jimi Hendrix, og lanserte han som ei ny, stor internasjonal stjerne.

Are You Experienced fekk god kritikk og selde godt då det kom ut, og har halde fram denne trenden gjennom åra. Det nådde andreplassen på lista i Storbritannia, berre bak The Beatles sitt Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band. Den amerikanske versjonen av albumet inneheld nokre av dei mest kjende songane til Hendrix, «Purple Haze», «Hey Joe» og «Fire». Albumet har vorte hylla som eit av dei beste gjennom tidene. I 2003 rangert Rolling Stone albumet på 15. plass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene. Albumet var det mestseljande i USA i 1968.

I 2005 vart Are You Experienced valt ut for permanent bevaring i National Recording Registry av Library of Congress i USA.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Hendrix hadde danna the Jimi Hendrix Experience i England i 1966, med Mitch Mitchell på trommer og Noel Redding på bass, og hadde signert ein kontrakt med Track Records, nyleg danna av The Who-managerane Kit Lambert og Chris Stamp. Bandet spelte inn tre singlar produserte av Chas Chandler: «Hey Joe»/«Stone Free» (desember 1966 - gjeven ut via Polydor Records fordi Track ikkje enno var i drift), «Purple Haze»/«51st Anniversary» (mars 1967, den første utgjevinga til det nye Track Records) og «The Wind Cries Mary»/«Highway Chile» (mai 1967). Alle tre nådde Topp 10 i Storbritannia. Under innspelinga av desse singlane, spelte Jimi Hendrix Experience òg inn songane som vart debutalbumet deira, med Chandler som produsent og Eddie Kramer som lydteknikar.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut i Storbritannia i mai 1967 utan dei tre singlane, slik det var vanleg i Storbritannia på denne tida, og albumet nådde andreplassen her.

Det vart først etter at bandet hadde stole merksemda på Monterey Pop Festival i juni 1967 at det amerikanske og kanadiske selskapet Reprise Records gjorde albumet klart for utgjeving i Nord-Amerika. Dei endra plateomslag og gav ut albumet med dei tre hitsinglane, medan «Red House», «Can You See Me» og «Remember» vart fjerna. Songane vart òg miksa på nytt i stereo. Albumet nådde femteplassen i USA i oktober 1968, og på grunn av dei høge salstala her, vart det neste albumet, Axis: Bold as Love, utsett til desember.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Are You Experienced har vorte skildra som eit av dei beste debutalbuma i heile rockehistoria. VH1 kåra albumet til det femte beste gjennom tidene i 2001. I 2003 vart den amerikanske utgåva av albumet rangert på 15. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene, medan same magasin sette albumet på 5. plass på lista deira over dei beste albuma dei siste 20 åra i 1987.Guitarist kåra albumet til det viktigaste gitaralbumet gjennom tidene i 1994.[1] og Mojo gjorde det same i 2003.[2] Creem kåra albumet til det sjette beste metal-albumet frå 1960-åra.[3] Vibe (12/99, s. 156) hadde albumet med på lista over 100 essensielle album frå 1900-talet. NME (10/2/93, s. 29) rangerte det i 1993 på 29. plass på lista over dei største albuma gjennom tidene.[4] I mars 2000 i kåra lesarane til Guitar World Are You Experienced til det største albumet på 1900-talet.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All songs written and composed by

Britisk og internasjonal utgåve[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Jimi Hendrix, bortsett frå «Hey Joe» av Billy Roberts.. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Foxy Lady»   3:22
2. «Manic Depression»   3:46
3. «Red House»   3:53
4. «Can You See Me»   2:35
5. «Love or Confusion»   3:17
6. «I Don't Live Today»   3:58
Side to
# Tittel Lengd
7. «May This Be Love»   3:14
8. «Fire»   2:47
9. «Third Stone from the Sun»   6:50
10. «Remember lengd10 = 2:53»    
11. «Are You Experienced?»   4:17
Bonusspor
# Tittel Lengd
12. «Hey Joe»   3:30
13. «Stone Free»   3:36
14. «Purple Haze»   2:51
15. «51st Anniversary»   3:15
16. «The Wind Cries Mary»   3:20
17. «Highway Chile»   3:32

Nordamerikansk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Purple Haze»   2:46
2. «Manic Depression»   3:46
3. «Hey Joe»   3:23
4. «Love or Confusion»   3:15
5. «May This Be Love»   3:14
6. «I Don't Live Today»   3:55
Side to
# Tittel Lengd
7. «The Wind Cries Mary»   3:21
8. «Fire»   2:34
9. «3rd Stone from the Sun»   6:40
10. «Foxy Lady»   3:15
11. «Are You Experienced?»   3:55
Bonusspor
# Tittel Lengd
12. «Stone Free»   3:35
13. «51st Anniversary»   3:15
14. «Highway Chile»   3:32
15. «Can You See Me»   2:32
16. «Remember»   2:48
17. «Red House»   3:51

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Top 50 Most Influential Guitar Albums Of All Time Ever!. Rocklist.
  2. Barnes, Anthony (July 21, 2003). «Hendrix heads list of 100 gitar greats with 'Are You Experienced'». The Independent. 
  3. «Rocklist.net...Guitar Lists». Rocklistmusic.co.uk. http://www.rocklistmusic.co.uk/50.html#creem. Henta 16. mars 2011. 
  4. «Jimi Hendrix Are You Experienced? CD». Cduniverse.com. April 22, 1997. http://www.cduniverse.com/productinfo.asp?pid=1104015. Henta 16. mars 2011. 
  5. http://www.rocklistmusic.co.uk/50.html#solo

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]