Spartakus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Balletten Spartakus.
Spartakus

Spartacus. Statue laga av Denis Foyatier i 1830.
Statsborgarskap ingen verdi
Fødd Thrakia
Død

april 71 f.Kr.
Lucania

Yrke gladiator, militær leiar
Språk latin
Far ukjend verdi
Mor ukjend verdi
Spartakus på Commons

Spartakus (Spartacus) var ein romersk slave som leidde ein stor slaveoppreist, Spartakusopprøret, i det som no er Italia i 73 til 71 fvt.

Hæren hans av rømde gladiatorar og slavar vann over fleire romerske legionar (regulære hæravdelingar) i det som blir kalla Den tredje slavekrigen, eit av dei tre store slaveopprøra i det gamle romarriket. Denne krigen er òg kjend som gladiatorkrigen.

Ulike kjelder hevdar at Spartakus anten var ein tilfangetatt thrakisk soldat eller ein mytterist som hadde tenestegjort i den romerske hæren. Ein av dei vanlegaste teoriane er at han hadde kjempa i hjelpestyrkane til romarhæren. Slike hjelpestyrkar var samansette av menn frå erobra område som var villige til å kjempe for romarriket.

I 73 fvt. braut han ut av ein gladiatorskole ved Capua som var eigd av Lentulus Batiatus, og ilag med 70-80 andre flykta han opp i kraterområdet til fjellet Vesuv nær Napoli. Der reiste han ein opprørshær som visstnok skal ha komme opp i 70 000 rømde slavar. Denne hæren slo to romerske legionar sende for å knuse dei. Dei tilbringa vinteren ved sørkysten mens dei laga våpen. På dette tidspunktet var ikkje alle i følgjet våpenføre karar, no var det òg kvinner, barn og eldre som slo lag med dei. Da våren kom, marsjerte dei nordover mot Gallia (Frankrike). På vegen slo dei tre legionar til.

Det ser ut til at Spartakus hadde tenkt å gå med hæren sin ut av Italia og inn i Gallia. Men av ein eller annan grunn endra dei planane sine. Det finst teoriar som seier at nokre faktisk gjekk over Alpane og heim, men resten snudde sørover att, og slo to legionar til, som var under leiing av Marcus Licinius Crassus, den rikaste mannen i Roma på den tida. På slutten av år 72 fvt. hadde Spartakus slått leir i Reggio Calabria nær Messina-stredet. Spartakus prøvde å gjere ein avtale med sicilianske sjørøvarar for å få hæren sin over til Sicilia, men dette lukkast ikkje. Så i førstninga av år 71 vart dei omringa av åtte legionar under leiing av førnemnde Crassus, og det romerske senatet kalla i tillegg hærar tilbake frå Spania og Tyrkia.

Spartakus klarte å bryte gjennom linene til Crassus og komme unna i retning Brindisi, men styrkane til Crassus avskar dei i Lucania, og Spartakus vart drepen i slaget ved elva Silarus. Liket vart likevel aldri identifisert.

Spartakus og slaveopprøret under hans leiing har vore skildra i skjønnlitteratur og på film. Spartakusopprøret har vore ei stor inspirasjonskjelde for venstre-radikale i nyare tid, særleg kan nemnast det tyske Spartakusforbundet på slutten av første verdskrigen, med Rosa Luxemburg som mest kjende medlem.