Stabben fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stabben fyrstasjon
Stabben lighthouse.jpg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Flora kommune
Funksjon Leifyr
Oppretta 1867
Koordinatar 61°36.0405′N 4°57.3193′EKoordinatar: 61°36.0405′N 4°57.3193′E
Fyrtårn
Høgd 15,6 m
Form Fyrbygning med tårn med indirekte belysning
Byggjemateriale Murstein
Fyrlys
Lyskarakter Tre okkulterande glimt kvart 10. sekund
Lyshøgd 16,2 moh
Lysvidde 13 nm
Status
Eigar Staten ved Kystverket
Automatisert 1975
Avfolka 1975
Vernestatus Freda etter lov om kulturminne

Stabben fyrstasjon er eit leifyr som ligg på ein holme ved innseglinga til Florø i Flora kommune i Sogn og Fjordane.

Stabben fyrstasjon is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Stabben fyrstasjon
Stabben fyr
Foto: Hjorthefoto

Fyret vart sett i drift i 1867. Fyrbygningen er lafta og står på ein høg gråsteinsmur og har eit lågt taktårn. Tårnet vart bygd høgare i 1905 og det vart då sett inn eit 4. ordens linseapparat som framleis er i bruk. Fyrstasjonen består av sjølve fyrbygningen, eit naust og ein landing som ligg tett samla på den vesle holmen. I 1975 vart fyret automatisert og avbemanna.

Stabben fyrstasjon er eit av dei mest særprega fyrstasjonen i landet og bygningane dekkjer nesten heile holmen. På grunn av dette er fyrstasjonen freda etter lov om kulturminne.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]