Stara Zagora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stara Zagora
Styresmakter
Land
Provins
Bulgaria
Stara Zagora
Geografi
Innbyggjarar[1]
 - By (2007)

154 000
Koordinatar 42°26′″N 25°39′″EKoordinatar: 42°26′″N 25°39′″E
Høgd over havet 196 m
Tidssone EET (UTC+2)
Diverse anna
Postnummer 6000
Telefon-retningsnummer 042
Plassering
Plassering i Bulgaria
Plassering i Bulgaria

Stara Zagora (bulgarsk Стара Загора) er den sjette største byen i Bulgaria med eit folketal på 154 000, og er eit viktig økonomisk senter. Han ligg i provinsen Stara Zagora, om lag 231 km frå Sofia. Stara Zagora er kjend for dei rette gatene, lindetre og poetar.

I følgje handelskammeret i byen er Stara Zagora ein av dei eldste busetnadane i Europa, og er minst åtte tusen år gamal.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Thrakarane busette seg i området rundt 300 til 400 hundreår fvt., og kalla staden Beroe. Her grov ein ut kopar og tinn, og eit gunstig klima gav gode forhold for jordbruk. Romarane bygde opp landsbyen til festninga Augusta Trajana, ein blømande by. Byen låg ved kryssingspunktet til ulike handelsvegar gjennom Sentral-Europa, Lilleasia og Romarriket. På denne tida var det grekarar, romarar og thrakarar som haldt til i byen. Dei skapte storarta bad og kanalar. Etter 500-talet heitte byen Vereja og seinare etter den bysantinske keiserinna Irinopolis. I mellomalderen kallar bulgararane byen Boruj og Tjelesnik, tyrkarane Eski Hisar (gamal festning) og Eski Zagra, som førte til det noverande namnet. Sidan 1871 har byen hatt sitt noverande namn.

Under Det osmanske riket var byen kjend for sin silke-, lêr- og koparindustri. Mange moskear vart ført opp, mellom anna den store Eski-moskeen. Byen brann ned fleire gongar. Under den russisk-tyrkiske krigen (1877 - 1878) stod det fleire slag i byen, og han vart nesten heilt øydelagd av tyrkarane. Etter frigjeving frå det osmanske styret (1878) vart byen bygd opp att og utvida med rettvinkla gater.

Kjende personar frå Stara Zagora[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]