Stephenie Meyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stephenie Meyer under premieren på filmatiseringa av Twilight.

Stephenie Meyer (fødd 24. desember 1973) er ein amerikansk forfattar, kjend for den romantiske vampyrserien Twilight.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Meyer vart fødd som Stephenie Morgan i Hartford i Connecticut, som dotter av Stephen og Candy Morgan. Stephenie fekk ei uvanleg staving av namnet på grunn av oppkalling etter faren. Foreldra hadde fem andre barn i tillegg til henne: Seth, Jacob, Emily, Paul og Heidi. Då Stephenie var fire år, flytta familien hennar til Arizona.

Stephenie vart tildelt National Merit Scholarship på ungdomsskulen, og det brukte ho til å betale den vidaregåande skulegangen, som var på Brigham Young University i Provo i Utah. Ho studerte engelsk og konsentrerte seg om litteratur. Stephenie gifta seg med barndomsvenen Christian Meyer då dei begge var 21. Dei har tre søner, Gabe, Seth og Eli.

Stephenie Meyer er mormonar, medlem av Jesu Kristi kyrkje av siste dagars heilage, og har eit verdikonservativt livssyn som går igjen i bøkene hennar.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Twilight var første romanen til Meyer. Ho byrja skriva han etter ein draum då barna hennar var 1, 3 og 6 år gamle. I 2008 blei romanen Twilight oppdaga av eit breitt publikum og blei årets bestseljar. Etter suksessen med den første romanen har ho laga ein serie. Han inneheld bøkene Twilight, New Moon, Eclipse og Breaking Dawn. Ho held også på å skrive den femte boka, Midnight Sun. Alle bøkene som til no har kome på engelsk er også omsette til norsk, høvesvis med titlane Evighetens kyss, Under en ny måne, Formørkelsen og Ved daggry. Bøkene har selt over 70 millionar eksemplar over heile verda,[1] og er omsette til rundt 37 språk.

Stephenie Meyer har også skrive ein science fiction-roman, The Host, eller Verten på norsk. Boka blei gjeven ut 6. mai 2008 i 750 000 eksemplar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «‘Twilight’ Author Accused of Plagiarism» av Melena Ryzik hjå The New York Times (05.08.2009).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stephenie Meyer