Steve Gadd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steve Gadd

Fødd9. april 1945 (79 år)
FødestadRochester i New York
FødenamnStephen Kendall Gadd
OpphavUSA
Aktiv1968–
Sjangerjazz, cool jazz
Instrumenttrommesett
Verka somtrommeslagar, studiomusiker, jazzmusikar
Prisaræresdoktor ved Eastman School of Music

Steve Gadd (fødd 9. april 1945) er ein amerikansk trommeslagar. Han var ein av dei viktigaste nyskaparane på trommesettet i 1970- og 1980-åra.

Gadd vart fødd i Rochester i New York. Han fekk sine første trommestikker som treåring, og deltok i skuleorkester og ulike framsyningar frå han var ung. Han gjekk på Manhattan School of Music, og seinare Eastman School of Music, og starta å spele i band i ulike klubbar kringom New York. Då han vart ferdig utdanna gjekk han inn i militæret, der han spela med orkesteret U.S. Army Stage Band i tre år.

Det var etter militæret, i 1972, Gadd starta si karriere som høgt profilert, profesjonell musikar. Han spelte for mellom andre Mike Mainerei og Tony Levin. Etterkvart fekk han innpass som studiomusikar, og spelte for jazzmusikarar som George Benson og Chet Baker og popartistar som Paul Simon.

Gadd har utmerkt seg som ein musikar med ein særeigen lyd, både innan jazz og pop. Frå 1975 til 1981 spelte han med Chick Corea. Han har også samarbeidd med mellom andre Bob James, Al DiMeola, Tom Scott, Grover Washington, Jr. og David Sanborn. I 1990-åra spelte han mykje i ein trio med pianisten Michel Petrucciani.

I 1970- og 1980-åra, var Gadd også ein av dei trommeslagarane som spelte inn mest plater med popartistar. Ein kan finne døme på hans distinkte stil i innspelingar som til dømes Steely Dan si plate «Aja» og Paul Simon si plate «One Trick Pony». Frå slutten av 1990-åra har han gjort fleire turnear med Paul Simon, Eric Clapton og James Taylor.

Gadd har ikkje berre vore studiomusikar og arbeidd under andre musikarar. I 1976 var han med på å starte gruppa Stuff, og han har også spelt i The Manhattan Jazz Quintet, i tillegg til å gi ut plater med sitt eige band, The Gadd Gang, i 1980-åra.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Steve Gadd