Storfrytle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Storfrytle


Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Monocotyledonae
Orden: Poales
Familie: Juncaceae
Slekt: Luzula (Frytle)
Art: L. sylvatica
Vitskapleg namn
Luzula sylvatica

Storfrytle er ei plante i sevfamilien. Arten si utbreiing ligg innanfor Europa. Planta vert kring 5 dm høg og veks i store tuver med broddspisse blankt mørkgrøne blad med hår i kanten. Blada står grøne om vinteren. Rakt strå og stor greina kvast. Brune sylspisse blomsterblad og blank svartbrun kapsel. Blomstrar kring mai månad i lier utmed kysten. Veks i Noreg frå Aust-Agder til Helgeland og også i Lofoten. Funnen opp til 700 m i Sogn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dansk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.