Stryj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 49°15′22″N 23°51′1″E
Stryj
Стрий
by
flagg
våpen
Motto: Semper fidelis
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Lviv oblast
Rajon Stryj rajon
koordinatar 49°15′22″N 23°51′1″E
Areal 16,95 km²
Folketal 57 600 (2007)
Tettleik 3 398 / km²
Grunnlagd 1200-talet
 - Magdeburgrettar 1431
borgarmeister Roman Sjramovjat
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 82400
Retningsnummer +380-3245
Bilnummer BC (før 2004: ТА,ТВ,ТН,ТС)
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: http://stryi-rada.gov.ua/index.php

Stryj (ukrainsk Стрий, polsk Stryj) er ein by på venstrebreidda av elva Stryj i Lviv oblast (provins) vest i Ukraina ved foten av Karpatane. Han er det administrative senteret i Stryj rajon (distrikt), medan sjølve byen er eit eige rajon i oblastet. Stryj reknar seg som den første byen i Ukraina som heiste det ukrainske gule og blå flagget, den 14. mars 1990, før Sovjetregimet fall.

Folkeutvikling[endre | endre wikiteksten]

  • 1843 -   8 000 innbyggjarar
  • 1880 - 12 600 innbyggjarar
  • 1900 - 22 600 innbyggjarar
  • 1910 - 27 400 innbyggjarar
  • 1931 - 30 500 innbyggjarar
  • 1959 - 36 200 innbyggjarar
  • 1970 - 48 000 innbyggjarar
  • 1976 - 55 000 innbyggjarar
  • 1989 - 67 000 innbyggjarar
  • 2001 - 63 000 innbyggjarar
  • 2006 - 61 700 innbyggjarar

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stryj vart først nemnd i 1385 og var då ein del av kongedømet Polen etter at det rutenske kongedømet fall. I 1431 fekk byen Magdeburgrettar og var ein del av Det rutenske voivodskapet fram til 1772.[1]

Byen vart eit viktig handelssenter langs handelsvegen mellom Halytsj og Lviv og særleg på 1400- og 1500-talet med støtte frå den polske kongen Jan III Sobieski. Byen vart øydelagd under tatarraid i 1523 og 1634. Etter delinga avDet polsk-litauiske samveldet i 1772 vart byen ein del av Austerrike-Ungarn. I 1875 vart det bygd ein jernbanestasjon i byen og samstundes starta industrialiseringa. I 1886 førte ein stor bybrann til at nesten heile byen brann ned. Frå oktober 1914 til mai 1915 var byen okkupert av Det russiske imperiet. I 1915 fann eit blodig slag under første verdskrigen stad i Karpatane, kring fjellet Zwinin (992 moh), nokre kilometer sør for Stryj, der kring 33 000 russiske soldatar strauk med.

I november 1918 fann eit armert opprør stad i byen etter at han vart ein del av Den vestukrainske folkerepublikken. Stryj gjekk til Polen i mai 1919 og i 1939 til Sovjetunionen (Ukrainske SSR). Nazistane utrydda dei fleste jødane i byen. Under den kalde krigen låg Stryy flybase her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]