Rava-Ruska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 50°13′30″N 23°37′27″E
Rava-Ruska
ukrainsk Рава-Руська
by
none  Rådhuset i Rava-Ruska
Rådhuset i Rava-Ruska
våpen
Oblast Lviv oblast
koordinatar 50°13′30″N 23°37′27″E
Areal 8,5 km²
Folketal 8 328 (2011[1])
Tettleik 980 / km²
Grunnlagd 1455
 - Magdeburgrettar 1622
 - Bystatus 1939
Postnummer 80316—317
Retningsnummer 252
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg

Rava-Ruska (ukrainsk Рава-Руська; russisk Рава-Русская, Rava-Russkaja; polsk Rawa Ruska) er ein by i Lviv oblast vest i Ukraina.

Han ligg nær grensa til Polen, ovanfor byen Hrebenne. Han ligg i Zjovkivskij rajon (distrikt) nær 50°15′0″N 23°37′0″E. Byen har kring 8 000 innbyggjarar.

Byen vart først nemnd i historiske kjelder frå 1455. Han var ein del av Kongedømet Polen og så Det polsk-litauiske samveldet. I 1698 var han åstad for eit møte mellom Peter den store og August den sterke, som førte til Preobrazjenskoje-traktaten. I åra 1772-1918 var han ein del av Det austerrikske riket (Austerrike-Ungarn frå 1867). Mellom 1918 og 1939 var han eigjen ein del av Polen. Sidan 1945 har han høyrt til Sovjetunionen og etter 1991 til det sjølvstendige Ukraina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]