Sukhumi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Sukhumi
I bakgrunnen kan ein sjå regjeringsbygget i Abkhasia som vart øydelagd under konflikten med Georgia i 1993. Bygningen er framleis ein ruin.
I bakgrunnen kan ein sjå regjeringsbygget i Abkhasia som vart øydelagd under konflikten med Georgia i 1993. Bygningen er framleis ein ruin.
Styresmakter
Land
Autonom republikk
Georgia
Abkhasia
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2005)

81 546
Koordinatar 43°00′″N 41°01′″EKoordinatar: 43°00′″N 41°01′″E
Tidssone MSD (UTC+4)


Sukhumi (abkhasisk: Аҟəа, Aqwa; georgisk სოხუმი, Sokhumi, russisk Сухуми, Sukhumi) er hovudstaden i Abkhasia, ein de facto sjølvstendig republikk, som internasjonalt vert rekna som ein autonom republikk i Georgia. Byen har ein lang historie, og vart hardt råka under den georgisk-abkhasiske konflikten tidleg i 1990-åra.

Satellittbilete av Sukhumi.

Sukhumi ligg i ei vid bukt på austkysten av Svartehavet og er ein hamnby, eit knutepunkt for jernbane og ein ferieby. Han er kjend for strendene, sanatoriuma, mineralkjeldene og det subtropiske klimaet. Sukhumi har fleire små til mellomstore hotel, som hovudsakleg tar imot russiske turistar. Byen inneheld òg botaniske hagar oppretta i 1840.

I sovjettida vart det avla apekattar her. Frå 1945 til 1954 var elektronfysikk laboratoriet i byen involvert i Sovjetunionen si utvikling av atomvåpen.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sukhumi