Sukhyj-limanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°20′N 30°38′E
Sukhyjestuaret
Sukhyj-limanen
estuar
none  Sjøsida av estuaret
Sjøsida av estuaret
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Byar Odessa, Illitsjivsk
elv Dalnyk, Akkarzjanka
stad Svartehavet
 - koordinatar 46°20′N 30°38′E
Lengd 7,2 km
Breidde 1,5 km
Djupne 7,3 m
 - Største djupne 14 m
Areal 5,7 km²
Saltinnhald 10-18 ‰
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg

Sukhyjestuaret eller Sukhyj-limanen (ukrainsk Сухий лиман - «tørka estuar»), er eit ope estuar nordvest i Svartehavet, nær byane Odessa og Illitsjivsk i Ukraina. I 1957 vart estuaret opna til sjøen via ein 14 meter djup skipskanal og estuaret vart då i røynda ei bukt. Den øvre delen av estauret er grunnare, opp til 1,5 meter. Dei nordlege og vestlege delane er skilde av ei kunstig demning og omgjort til ferskvassjøar. Elva Dalnyk renn ut i estuaret.

Namnet tyder «det tørre estuaret» og kjem av at i tida då det ikkje hadde direkte samband til Svartehavet, så tørka det ofte inn, stundom til berre ein 1 km². Det tidlegare namnet Kleinliebenthalestuaret kjem frå tyske Kleinliebenthal, «den vesle kjærleiksdalen». Namnet vart gjeven til estuaret av tyske kolonistar. Den øvre delen av estuaret er delt i to dalar:

  • Kleinliebenthal, «Den vesle kjærleiksdalen». Hovuddelen av estuaret ligg i denne dalen. Dalnyk renn gjennom denne delen. Ved breidda ligg landsbyen Malodolynske (tidlegare Kleinliebenthal).
  • Großliebenthal, «Den store kjærleiksdalen». Denne dalen er ei bukt, som elva Akkarzjanka renn ut i. Ved breidda ligg Velykodolynske (tidlegare Großliebenthal).

Estuaret er gytestad for fisk, som skrubbe, kutling og mulle.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Sukhyi Liman» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2012.
  • Starushenko L.I., Bushuyev S.G. (2001) Причерноморскиые лиманы Одесчины и их рыбохозиаыственноые значениые. Astroprint, Odessa, 151 pp. (på russisk)
  • North-western Black Sea: biology and ecology, Eds.: Y.P. Zaitsev, B.G. Aleksandrov, G.G. Minicheva, Naukova Dumka, Kiev, 2006, 701 pp.