Sumba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sumbas plassering i Indonesia
Topografisk kart av Sumba

Sumba er ei øy i Indonesia, ei av dei små Sundaøyane. Ho har eit flatemål på 11 153 km², og folketalet var 611 422 i 2005. Sumba høyrer til provinsen Aust-Nusa Tenggara. Største byen på øya er Waingapu, med eit folketal kring 10 700.

Geografi. Natur[endre | endre wikiteksten]

Nordvest for Sumba ligg øya Sumbawa, i nordaust, på andre sida av Sumbasundet (Selat Sumba), ligg Flores. I aust, på hi sida Savuhavet, ligg Timor. Sør for øya breier Indiahavet seg. Øya er om lag 150 km lang i retning aust-vest, og opp til 40 km brei. Ei fjellrekke strekker seg på langs av øya, og deler i ho to klimatiske soner. På sørsida av fjella fell det opp mot 1600 mm regn årleg, medan det på nordsida kjem mindre enn 600 mm. Ei turketid varer frå mai til november, regntida frå desember til april.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Øya har i historisk tid eksportert sandaltre og dei tidlege europearane kalla ho Sandaltreøya. I dag spelar sandaltrehandelen inga rolle lenger.

I sørvest fell det godt med regn og jorda eignar seg godt til dyrking av ris. Cashewnøtter er her ei viktig salsvare. I det særs turre nordaust dyrkar ein mais og jordnøtter, først og fremst til eige hushald, elles verta jorda nytta til beitemarker for avl av oksar og hestar som går til innanrikshandel.

Jamn avbrenning av det øvste jordlaget har øydelagd vegetasjonen i vide delar av Sumba. Mykje av jorda har erodert, og eit savanneliknande landskap har kome i staden. Berre flekkar med matjord er att, ofte vert ho arbeidd med hakke. Sumbas skogar dekker i dag mindre enn 10% av øyas totale flatemål.

Skulderklede til ein mann. Ikatvev frå tidleg 1900-tal

Historie. Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Sumbanesarane snakkar ei rekke variantar av nærslekta austronesiske språk. Folket har ei blanding av malayisk og melanesisk opphav.

Før kolonitida var Sumba busett av fleire små etnolingvistiske grupper. Desse var inndelt i små hovdingdømme, som truleg betalte skatt til herskaren over kongedømmet Majapahit. Det første europeiske skipet kom i 1522.

I 1866 høyrde Sumba til Nederlandsk Ostindia, sjølv om øya reelt sett ikkje kom under nederlandsk styre før enn i det 20. hundreåret. Etter 2. verdskrigen kom øya med i Indonesia. På grunn av oppsplittinga i ulike hovdingrike og i klanar, har det også i seinare år (sist i 1990) stadig vore krigerske oppgjer mellom ulike grupper som måtte skiljast. Siste åra har det vore innskrenka til oppgjer med kvegtjuvar.

Samfunnet er oppdelt i sosiale sjikt (kastar), i nærast føydalske strukturar. Fedrekultus har stor plass hos sumbanesarane. Rituell slakting av okse til høgtider, gravferder og andre kulturelle høve har ein framskoten plass i livsførsla. Kvar februar finn pasolafesten stad, ein av dei mest kjende tradisjonelle festar i Indonesia.

Tradisjonelle hus på Sumba

Frå gammalt spelar framstillinga av vove stoff gjennom vevteknikken ikat ei stor rolle. Ikatvevnader er kjende mellom fagfolk verda rundt.

Den spesielle arkitekturen i dei eldre og klandelte samfunna er lett å sjå.

Helsetilhøva på øya er prega av at ein større del av folket vert ramma av malaria. Talet på barn som døyr er høgt.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Gjennom statsstøtta misjonering i første halvpart av 20. hundreåret, så vert i dag om lag 65 % rekna for kristne. Brorparten av desse er nederlandske kalvinistar, men ein større minoritet soknar til den romersk-katolske kyrkja. 25-30 prosent av innbyggarane praktiserer animistreligionen Marapu. Eit fåtal sunnimuslimar finst her og der i kystområda, tettast i Waingapu og i Waikabubak.

Leveviset til folk på Sumba er prega av tradisjonelle ritar. Trass i påverknad frå vestlege religionar er Sumba ein av få stader i verda der framståande personar framleis vert gravlagd i steinkammer bygd på bakkenivå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]