Superhav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Superkontinentet Pangaea omgjeve av superhavet Panthalassa.

Eit superhav er eit hav som ligg omkring eit superkontinent. Stundom vert det òg definert som alle hav større enn det noverande Stillehavet.[1] Av globale superhav finn ein Mirovia, som låg omkring superkontinentet Rodinia og Panthalassa, som låg omkring superkontinentet Pangea. Pannotia og Columbia, samt landmassane før Columbia (som Ur) var òg omgjeve av superhav.

Sidan overflatevatnet får strøyme uhindra frå aust til vest i superhav medan det vert varma opp av sollys, er vestenden av havet varmare enn den austlege. I tillegg vil temperaturendringar gjennom året, som truleg var langt større i indre landområde, ha ført til kraftige monsunar. Mekanismane i superhav er derimot lite kjend.[2]

Superhav[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McMenamin, Mark A., Dianna L. McMenamin (1990) The Emergence of Animals – Columbia University Press. ISBN 0-231-06647-3.
  2. Martin, Ronald (1998) One Long Experiment – Columbia University Press. ISBN 0-231-10905-9.