Panthalassa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det blå havet omkring Pangaea er Panthalassa

Panthalassa (gresk og tyder «allhavet») var eit enormt verdshav som låg omkring superkontinentet Pangaea i dei geologiske æraene paleozoikum og tidleg mesozoikum. Det bestod av Stillehavet i vest og nord og Tethyshavet i søraust. Det vart seinare Stillehavet etter at Tethyshavet vart lukka og Pangea braut opp i mindre bitar, som danna Atlanterhavet, Nordishavet og Indiahavet. Panthalassa vert stundom kalla Paleo-Stillehavet («gamle Stillehavet»), sidan det var ein forgjengar for Stillhavet.

I kartet til høgre gjekk ekvator om lag over der Spania, Marokko (Casablanca) og Boston møtte kvarandre. Sør for denne linja var landmassen Gondwana og landmassen i nord var Laurasia.

Danning[endre | endre wikiteksten]

For 900 millionar år sidan danna det seg eit trippelpunkt då superkontinentet Rodinia startar å rive seg sundt. Mellom om lag 800 og 700 millionar år sidan delte det seg i to. Dette var ein av dei viktigaste riftdanningane i historia fordi det opna Panthalassa vest for Laurentia, eit kontinent som vart Nord-Amerika. Verdshavet Mirovia, eit hav som låg omkring Rodinia, starta å krympe fordi Det panafrikanske havet og Panthalassa ekspanderte. Mellom 650 og 550 millionar år sidan danna eit anna superkontinent seg, Pannotia, som var forma som ein V. Inne i V-en låg Panthalassa og utanfor låg Det panafrikanske havet og restar av Mirovia.

Det meste av havbasseng og havbotn av Panthalassa har i dag hamna under den nordamerikanske og den eurasiatiske plata. Restar av Panthalassa-plata kan i dag vere Juan de Fuca-plata, Gorda-plata, Cocos-plata og Nazca-plata. Alle desse fire var ein del av Farallon-plata. Stillehavet utvikla seg frå Panthalassa etter at Pangaea, som tyder «heile jorda», braut opp i mindre kontinent.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]