Surya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
To teikningar av Surya i solvogna si.

Surya (devanagari सूर्य, sūrya, 'sol') er solguden innan hinduismen. Han har røter tilbake til vedisk gudsdyrking, og blir framleis tilbedd i eigne tempel. Han rir over himmelen i ei vogn trekt av sju hestar, eller éin hest med sju hovud, og har hår og armar av gull. Dagen hans er sundag. Andre namn på guden er Aditya ('son av Aditi'), Arka ('stråle'), Bhanu ('lys'), Bhaskar ('lys-skapar'), Divakar ('dag-makar'), Grahapati ('graha-herren'), Mitra ('ven'), Pusja ('reinskar'), Ravi ('eldfugl'), Savita ('liv-gjevar') og Vivasvat (også Vivasvan eller Visvakarma, 'all-skapar').

Surya blir rekna til adityaene, og er i ulike skildringar sonen til Kasyapa, Indra eller Dyaus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne hinduismeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.